2003

Fredagens finalekamp i J -16 mellom Hyen og Koll COOP vart ein verkeleg thriller. Koll er eit oslolag med rikeleg spelarar å velje i, så dei kan stille med maksimal alder på spelarane. Det vart difor mange store og kraftige typar å bryne seg på for dei lette og tildels mykje for unge hyejentene. Men likevel var det 14 åringen Marlin Aa som scora Hyen sitt utlikningsmål på ei pasning frå storesyster Benedikte mot slutten av første omgang.

Andreomgangen vart jamn med sjansar til begge laga. Men dei store kolljentene drog det lengste strået og gjekk opp til 2 - 1. Det vart og sluttresultatet. Men jentene kan vere kjempestolte over innsatsen sin. Dei har gjort ein glimrande innsats. Gratulerer med sølv!

Hyen sitt 7-ar lag slo ut Lesja/Lesjaskog i semifinalen med resultatet 3 - 4 i ein ulideleg spennande kamp som gjekk torsdag 31.07. kl. 17.00. Pauseresultatet var 1 - 3, så andreomgangen vart veldig spennande. 


Benedikte Aa er ei sentral brikke i finalelaget med sine 19 mål i turneringa. Foto: Rune Helle

Frå taxisjåføren som har køyrt jentene til og frå kampane, har vi fått denne helsinga:

Jeg er taxisjåføren fra Oslo som kjørte jentene til og fra kamper under årets norway cup. Alle tders jenter. Hyggelige og blide. Jeg følte glede med dem hele tiden. Og når de kom mot meg til taxien etter kampen med tommelen opp, ante jeg hva som hadde hendt. De var kommet til finalen. Da kom det noen gledesdråper i øyekroken min. Kjære jenter, En kjempestor gratulasjon i fra meg. Gratulerer til hele idrettslaget også. Og til hele bygda.

PS: Da jeg ikke fant adressen til idrettslaget, ber jeg om at denne gratulasjonen kommer til de rette. HÅPER DERE VINNER FINALEN. LYKKE TIL VIDERE MED FOTBALLEN.

Hilsen Jan Vidar Bjerkesmoen

Norway Cup 2002 >