|

Ved å klikke på logoen får du opp nettsida til
Landsskyttarstemnet 2005.
Nordfjord tok tredjeplassen
på samlagsskytinga

Hyen Skyttarlag var representert med tre av dei fire
skyttarane på Nordfjord sitt lag i samlagsskytinga på Lesja.
Frå v: Eirik Reksten, Norbygda, Nils Holme, Bertel Oddne Mjellem og Ole
Arild Aa, Hyen. Foto: Stig Roger Eide, Firda
Nordfjord Skyttarsamlag, med tre hyarar på
laget, tok ein glimrande tredjeplass i samlagsskytinga på
Landsskyttarstemnet på Lesja i dag, 04.08.2005.
Ole Arild Aa opna relativt moderat til han
å vere med 95
poeng. Bertel Oddne Mjellem smelte til med suverene 99 poeng og vart best
på 2.etappe. Nils Holme fekk ei stygg sjuar-fluge på siste ståande, men
fekk likevel sterke 97 poeng, og ein mellomnøgd Eirik Reksten frå
Norbygda skaut 96 på sisteetappen. Berre to poeng meir ville gjeve
topplassen. Gratulerer med flott innsats. Dette var god Hyen-reklame!
Vi tek med dei tre beste laga på
resultatlista:
1 Oslo skyttersamlag 390
Jan Håkon Jørgensen, Oslo Østre, 5 98
Geir Tønjum, Skarpskytten, 5 95
Ivar Rinde, Nordstrand, 5 99
Espen Berg-Knutsen, Nordstrand, 5 98
2 Hordaland skyttarsamlag 389
John Olav Ågotnes, Fana, 5 96
Rune Seim, Seim, 5 97
Arild Røyseth, Åsane/Hordvik, 5 97
Arild Brodahl, Fana, 5 99
3 Nordfjord skyttarsamlag 387
Ole Arild Aa, Hyen, 5 95
Bertel Oddne Mjellem, Hyen, 5 99
Nils Holme, Hyen, 5 97
Eirik Reksten, Nordbygda, 5 96
|