Uhøgtidleg fotball på Nesholmen

Det Liverpool-inspirerte Heimsetpool jubla over ein fortent siger i miniturneringa i fotball på den vesle grusbana på Nesholmen sist laurdag. Framme frå v.: Carl Petter Tresselt, Arnstein og Vidar Heimset og Tore Borge. Bak: Håvard Heimset Larsen, Kjetil Reigstad, Øyvind Heimset Larsen og Anders Heimset.

Det var stor innsats og mange gode kampar då ei uformell fotballturnering vart avvikla på Nesholmen laurdag ettermiddag. Det Liverpool-inspirerte Heimsetpool vann turneringa knipe etter ein spennande grannebatalje med Røyrvikarane i finalen.

F.T.: Magnar Heimset

Korkje sommarregnet som hølja ned over spelarar og publikum, eller svermar av knott og mygg greidde  å øydeleggje den intense, men tjomslege stemninga då godt og vel ei handfull femmanns fotballag sette kvarandre stemne til ei uhøgtideleg mønstring på Nesholmen laurdag 8. juli.

Gruppespel
Laga vart delt inn i to grupper a tre lag med tre kampar i kvar gruppe. To av laga i kvar gruppe gjekk vidare til semifinalar. Dei to tapande laga i gruppespelet møttest til kamp om 5.plassen. Her vann Solheimsgjengen 3-1 over Solheimsveteranane.


Røyrvikarane kjempa drabeleg i finalen mot Heimsetpool. Her ryddar Jon Egil Gjengedal opp i ein farleg situasjon
med brørne Håvard og Øyvind Heimset Larsen framfor Roge Nordal i buret. Magnus Røyrvik er siste skanse bak.

Finalar
I semifinalane slo Røyrvikarane ut Straumsholmen etter straffesparkkonkurranse. Den habile GHK-målvakta, Roger Nordal, redda mange av straffene, og sytte for solid siger til laget sitt.

  I den andre semifinalen slo Heimsetpool ut Sølvgutane (unge solheimarar) med siffera 2-1. I bronsefinalen vart Sølvgutane for lette mot solide Straumsholmen, og sluttsiffera der vart 6-1. 

Grannebatalje
Så var det duka for ein skikkeleg grannebatalje mellom Røyrvikarane og Heimsetpool i finalen. Heimsetarane hadde nok det beste laget, men Røyrvikarane viste ein imponerande kampmoral og kjempa drabeleg lenge. Kampen stod og vippa til få minutt stod att. Då hadde målvakta til Heimsetpool ei praktredning som hindra Jon Egil Gjengedal å gje Røyrvikarane noko som kunne vorte ei avgjerande 1-0 leiing.

  Det tende raudtrøyene, og Anders Heimset nikka inn to raske mål for laget sitt før Magnus Røyrvik reduserte til 2-1. Like etter la Carl Petter Tresselt på til 3-1 før Jon Egil Gjengedal fastsette resultatet til 3-2 i sluttminuttet, alt i alt eit rettferdig resultat av ein god og jamn kamp. Dommar på heile turneringa var Sverre Eimhjellen, og han kom godt frå jobben med fornuftig dømming i den fire tinar lange fotballmoroa.


To sentrale aktørar i fotballturneringa på Nesholmen, Øyvind Magnus Solheim (t.v.) og Frank Holme.

Gav meirsmak
Vi håpar på betre ver og fleire deltakarlag neste år, seier ein av initiativtakarane og primus motor for tiltaket, Øyvind Magnus Solheim, etter turneringa.
  – Eg trur folk har hatt det kjekt her, og det er no det viktigaste, legg han til, og lovar at det vert ny fotballrunde på den vesle grusbana på Nesholmen neste år.
  – Vi må jo syte for at det skjer noko her i ferien, seier han.