|
Naturopplevingar
frå fjord til fjell
Ola-Jan Birkeland, 6829
Hyen. - Tlf.
57 86 98 32 / 975 91 747 - e-post; olajan.birkeland@ekontor.no
Hyen
Natur og Friluft tilbyr tilrettelegging av naturopplevingar i Hyen,
perla i Nordfjord.
|

Badestranda like ved villmarksleiren ved
Storevatnet.
|
Velkomen til Hyen
Hyen Natur og Friluft ynskjer å legge til rette
for spennande naturopplevingar frå fjord til fjell i den vakre
bygda vår. Vi ynskjer at du skal kome til Hyen for å oppleve
den ville og vakre naturen her.
Og det er mange her i Hyen som har noko
spennande å by på. Det kan vere gamle sel til leige, båtar,
kunnskap om bygda, gode historier, tradisjonsrik kokkekunst og,
ikkje minst, god kjennskap til fjell og fjord.
|
|
Villmarksleir
Vi har mange spennande
turar å by på. På Byrkjeneset ved Storevatnet i Gjengedalsmarka
har vi ein godt utstyrt “Villmarksleir”
(biletet t.h.) der folk kan få seg mat, hyggje seg og overnatte.
Her kan enkeltpersonar, skular og grupper ta turen innom og få
leige båt, kano, fiskeutstyr m.m. Leiren er eit godt
utgangspunkt for turar i området, eller som fiskecamp der
vatnet like ved kan by på fine
fiskeopplevingar.
|

|
|

Gjegnen (1670 moh.) ragar høgt og fritt over
Gjegnalundsbreen.
|
Historiar og segn
Sjølvsagt skal dei
mektige fjella også visast fram. Med kjentfolk vil ein
få den tryggaste vegvisaren med seg. Det er bratt og spennande
å ta seg opp fjellsidene,
og utsikta som ventar ein på toppen er heilt fantastisk.
Det knyter seg mange soger
og segn til enkelte stader i fjellområda her,
og desse vil guidane fortelje under vegs.
|
|
Båttur på fjorden
Det er også høve å ta
i bruk fjorden. Med ein tur i båt kan turistane få sjå vår unike flora og fauna. Her er mykje
flott plantevekst og slyngplantar. Er
ein heldig, kan ein få oppleve å sjå sel og hjort på land.
Det er også høve å gå i land
undervegs for å plukke bær, bade eller tilberede nyfanga fisk.
|

Sommarkveld på Hyefjorden.
|

|