|
Ny lysløype i drift i
Gjengedal

Søndag 5. januar 2003 vart den nye lysløypa på Långehogjen
like innafor gardane i Gjengedal teken i bruk. Endeleg kom det såpass mykje
snø at ivrige eldsjeler kunne få prøvd denne revolusjonerande nyvinninga for
skiinteresserte austredølingar. Rundløypa er omlag 600 m lang i kupert terreng
og er opplyst med 13 lampar på 9 pålar. Så godt som alt arbeid er gjort på
dugnad. Ikkje noko storfelt anlegg akkurat, men eit godt og tenleg alternativ
for born og andre som tykkjer turen til Vestredalen og lysløypa der vert for
lang etter ein slitsam dag på jobb og skule. Foto: Eilev Otto
Rønnekleiv

Løypa går like forbi pumpehuset til vassverket i Gjengedal.

Måndag 6. januar var idrettsskulen 5 - 7 år på plass og testa nyeløypa.
|