|
Ljøren for tiande gong.
Sogeskriftet Ljøren, som vert utgjeve av Gloppen Sogelag,
er i handelen. I år er det tiande årgang, og som vanleg er Ljøren rik på
lokalhistorisk stoff. Sjølv om bladet er på 80 sider, er det ikkje vanskeleg
å finne nok stoff. Redaksjonen har heile tida lagt vekt på at det skal vere
artiklar frå heile kommunen, så også denne gongen. Innhaldet er variert. I
eit intervju med eldre kvinner i Breim, får vi høyre om klesvask på gamlemåten.
I ein annan artikkel får vi høyre om bilproduksjon på Sandane i 50- og 60-åra.
Den spennande soga om Fjordfly som seinare vart til Firdafly kan vi og lese om.
Dei siste sidene i bladet er som alltid ein biletkavalkade med eldre og nyare
fotografi.
Solheim, den veglause grenda
Magnar Heimset er medlem av redaksjonen i Ljøren. I årets
utgåve har han ein velskriven og informativ artikkel om Solheim. Han går
attende til mellomkrigstida og tida før Solheim fekk vegutløysing i 1955 og skildrar på ein levande måte korleis livet då arta seg. Vi
kan lese både om dagleglivet og om meir spesielle hendingar som barnedåp og
bryllaup. Vatnet var ferdsleåre både sommar og vinter, men isen var ikkje
alltid like sikker, og det førte dessverre til fleire drukningsulukker.
Artikkelen er illustrert med fleire gode bilete, mellom anna av eit
brurefølgje og ei brureferd på Storefjorden. Der er og eit svært godt bilete
av vassaga på Solheim. Ho var i drift heilt fram til 1945 då grenda fekk
kraftverk
Då Maria og Sigvald flytta i
Hyeneset
I ein samtale med Gunnar Hestenes fortel Sigvald Holme om då
han og kona Maria flytte frå Hyen til Hyeneset. Sigvald fortel om livet i
Hyeneset. Han fortel om restaurering av fleire hus med tømmer frå eigen skog,
levering av ved til Firda Canning i Måløy, fisking på fjorden, båtskyss og
mykje meir. Vi får gjennom artikkelen eit godt innblikk i korleis det var å bu
på den veglause garden på vestsida av Hyefjorden.
Det særeigne tunet på Osmundnes
Osmundnestunet med dei spesielle murane som skal verne mot
fonnvinden vekkjer interesse langt utanom nærmiljøet. I ei bok om skredulukker
i Noreg har Astor Furseth med eit bilete frå Osmundnestunet. I årets utgåve
av Ljøren har Inger Haldis Aske Lothe ein interessant og rikt illustrert
artikkel om Osmundnestunet. Vi får kjennskap både til tidlegare tider og
notida. Artikkelforfattaren har snakka med Tone Kristin Morken som no bur med
familien i Osmundnestunet. Ho gifte seg med Bjørn Kormeseth i 2002. Ein godbit
i artikkelen er talen som Anne Berta Kleppenes heldt i bryllaupet deira. Anne
Berta budde lenge på Osmundnes, og talen er såleis bygd på førstehandskjennskap
til korleis livet på garden var for 50 år sidan.
Korleis få tak i Ljøren?
Ljøren er til sals i butikkar i Hyen, på Sandane og i
Breim og kostar kr 100 i utsal. For utanbygds kan han dessutan bestillast ved å
kontakte kasserar i sogelaget, Margret Sande, på tlf. 57 86 78 50 eller på e-post
margret.sande@enivest.net
(porto kjem då i tillegg).
Sverre Folkestad
- leiar i Gloppen sogelag -
Ljøren 2007 Ljøren 2006 Ljøren 2005 Ljøren
2004
|