Ljøren – sogeskrift for Gloppen - er komen

For niande gong er Ljøren no i handelen. Stoffet er variert og femner om både eldre og nyare historie. Vi får høyre om då fjernsynet kom til Gloppen, om Egge hotell – eit viktig knutepunkt, om travløp på Ryssdalsvatnet i 1920-åra og om ulike typar skibindingar, for å nemne noko. Ljøren er alltid rik på biletstoff. Denne gongen må Gloppens historiske kjendisgalleri spesielt nemnast. Det inneheld 29 portrett av kjende glopparar måla av Gunnar Slettebakken. Galleriet vart første gong presentert i 1982. Elles inneheld artikkelen Før i verda mange gode bilete. På midtsidene er det ein fin fotoreportasje frå då verdsmeister Odd- Bjørn Hjelmeset vart feira på Heradsplassen 28. mars.  

Hyen Billag – eit allsidig transportselskap

I ein interessant artikkel signert Jostein Hjorteset og Magnar Heimset, får vi presentert soga om Hyen Billag, eit transportselskap som eksisterte frå 1936 til 1950. Då vart billaget overdrege til Firda Billag. Det var framsynte folk som sette i gang dette tiltaket, og vi får vite at dei tok på seg mange viktige transportoppdrag som persontransport, drosjekøyring, godstransport m.a. ved-, material- og tømmertransport og snøbrøyting. Vi får vidare kjennskap til bruken av knott og vedgassgeneratorar under krigen. Til slutt i artikkelen er det ei liste over dei ni ulike bilane som vart innkjøpte av LL Hyen Billag. Artikkelen er rikt illustrert med svært gode og talande bilete.

Smått og stort frå 1907 - med mange godbitar frå Hyen

Ljøren har ei fast spalte med 100 år gamle klipp frå lokalavisa Nordfjord som kom ut på Sandane. I denne artikkelen er det mange interessante notisar frå Hyen. Den 14. februar 1907 tar ein som skriv under med H., opp spørsmålet om ny veg i Vestredalen. Ting tok tid også i gamle dagar. ”Amtets veinemd har nomineret den til at paabegyndes i 1916 og fuldføres i 1925”. skriv han om vegen. Han har rett nok ei von om at kommunestyret skal bevilge pengar slik at dei kan kome i gang før. Det skjedde nok ikkje, for vegen frå Straume til Heimseta vart ikkje bygd før i første halvdel av 1930-åra.

Freding av dyr ikkje noko nytt

Kanskje trur somme at freding av dyr er eit nytt fenomen. Så er ikkje tilfelle. I ein notis i Nordfjord frå 1907 kan vi lese følgjande: ”Samtlige gaardbrugere og jagteiere i Hyen, med undtagelse av opsidderne på Hope og Abel Strømme har oprettet mindelig fredningskontrakt for hjort paa sine respektive eiendomme, saaledes at hjort verken maa jages eller fældes før 15de august 1909”. Altså freding i to år. Tidlegare på året kunne vi i Nordfjord lese om hjorteflokkar på Hope på 70-80 til 100 dyr.

Hjortekalvar frå Hyen til København

Vinteren 1907 var litt av ein snøvinter. ”Her er mykkje snøv, den gaar mest yver hesjarne.” skriv dei frå Hope i februar. Litt seinare på vinteren tok folk på Hope seg av eit par utsvelte og avmagra hjortekalvar. Desse sette dei inn på ein lade der dei fekk mat og stell. Seinare på året vart kalvane kjøpte av den zoologiske hagen i København. I ein liten notis lid på hausten får vi vite at hjortekalvane har funne seg vel til rette i storbyen. ”De to unghjorte ….skal trives udmærket og beundres meget av publikum”. kan vi lese.

Korleis få tak i Ljøren?

Ljøren er til sals i butikkar i Hyen, på Sandane og i Breim og kostar 100 kr i utsal. For utanbygds kan han dessutan bestillast ved å kontakte kasserar i sogelaget, Margret Sande, på tlf. 57 86 78 50 eller på e-post margret.sande@enivest.net  (porto kjem då i tillegg til prisen).

Sverre Folkestad
- leiar i Gloppen sogelag -
  Ljøren 2006    Ljøren 2005     Ljøren 2004