Ljøren på lufta nok ein gong

Så er Ljøren, sogeskrift for Gloppen Sogelag, i handelen. Som før om åra er stoffutvalet variert. Tidsspennet er stort. Vi får høyre om steinskred frå fjellet Vora i Breim for fleire tusen år sidan. Det er med skildringar frå glopparar og breimingar som utvandra til Amerika rundt førre århundreskiftet, og i artikkelen 70 år med post, varer og tenester, får vi høyre om Metteneskarane som i sju tiår frakta både folk, post og varer til gardane på vestsida av Hyefjorden. Av nyare stoff kan nemnast ein fotoreportasje frå september 2006 då kronprins Haakon  og kronprinsesse Mette-Marit vitja Gloppen, og ein godt illustrert artikkel om den nye ordførarkjeda.

Meteorittmetropolen Gloppen

Også i år er det fleire artiklar med stoff frå Hyen. Magnar Heimset er fast medlem i redaksjonen i Ljøren. I år har han skrive ein interessant og informativ artikkel om meteorittar i Gloppen. Av 14 meteorittfunn i heile Noreg, er to gjort i Gloppen. Ein av dei, Mjelleimmeteoritten, fall ned på Mjellem 24. januar 1898. Ola Mjellem, som var 16 år, og den yngre broren Jakob heldt på å køyre ved frå Mjellemslia då noko kom susande gjennom lufta, trefte ei bjørk og fall ned i snøen. Gutane gav seg til å grave og fann ein liten stein. Steinen var framleis lunka då dei grov han opp. Vi får og høyre om den andre meteoritten frå Gloppen, Svartekarimeteoritten.

Eit lokalt diktarjubileum: Sigurd Rønnekleiv 100 år

Ove Eide, som nyss har gjeve ut bok om Jakob Sande, presenterer forfattaren Sigurd Rønnekleiv. Sigurd var ein gåverik ungdom som var i gang med lærarutdanning i Volda då han vart sjuk av tuberkulose. Han døde berre 26 år gammal i 1932. Året etter at han døde kom det ut ei bok, Haust i vår, med 52 tekstar, både dikt, prosatekstar og småstubbar. Sigurd Rønnekleiv var ein talentfull forfattar. ”Haust i vår er ei rik samling i seg sjølv, men det er uråd å lese den utan å tenkje på kva denne lovande forfattaren kunne ha utvikla seg til”, skriv Ove Eide som i tillegg til omtale av forfattaren har med nokre av dikta hans i artikkelen.

Krig i Norge – fredelig på Rongkleiven

I artikkelen med denne overskrifta fortel Ingri Linde levande om korleis ho som ungjente opplevde å kome frå sterkt krigsråka Bergen til fredelege Rongkleiva under krigen. Første sommaren ho kom dit var i 1942 då ho følgde Jakob og Astrid Rønnekleiv heim att etter at dei hadde vore ein tur i Bergen. Sidan var ho på Rongkleiva kvar sommar til og med 1945. I artikkelen fortel ho litt om kontrastane ho opplevde mellom Bergen og Hyen, og om korleis ho tok del i dagleglivet og vart glad både i folket og bygda i løpet av desse åra. 

”Vi har været svært indespærret nesten i hele vinter”.

Kvart år har Ljøren ei samling notisar frå avisa Nordfjord. I samlinga i år, Stort og smått i året 1906, er det fleire innsmett frå Hyen. Vi kan mellom anna lese om at det vart oppretta postopneri både i Heimseta og Eimhjella dette året. I eit lengre lesarinnlegg skriv ”Vestredøling” om korleis folk i Vestredalen har hatt store vanskar på grunn av mykje snø og ruskevêr vinteren 1906. Til slutt i lesarinnlegget gjer han seg og sine tankar om skattelikninga for Gloppen som sannsynlegvis har vore kunngjort i avisa tidlegare.

Korleis få tak i Ljøren?

Ljøren er til sals i butikkar i Hyen, på Sandane og i Breim og kostar 100 kroner i utsal. For utanbygds kan han dessutan bestillast ved å kontakte kasserar i sogelaget, Margret Sande, på tlf. 57 86 78 50 eller på epost margret.sande@enivest.net  (porto kjem då i tillegg til prisen).

Sverre Folkestad
- leiar i Gloppen sogelag -
Ljøren 2005     Ljøren 2004