|
Ljøren 2005 med mykje
spennande stoff frå Hyen
Ljøren årgang 7, sogeskrift for Gloppen, er i handelen.
Redaksjonen legg vekt på at stoffet skal vere variert. Bladet er svært rikt
illustrert, og som vanleg er det med stoff frå heile kommunen. Magnar Heimset
er fast medlem av redaksjonen og har også i år funne fram mykje interessant
stoff frå Hyen.
Yrkessjåførpioneren Alvhild Aa
Magnar har intervjua Alvhild Aa
som berre 20 år gammal, i 1936, vart fast tilsett som sjåfør i Hyen Billag.
Ho var truleg den første kvinnelege sjåføren tilsett i eit rutebilselskap her
i landet. I det spennande og levande intervjuet får vi vere med på litt av
kvart. Alvhild køyrde kvalkjøt til revegardane i Gjengdalen. Ho køyrde revar
på utstilling, køyrde stein med lastebil på Hopsvatnet til brukara for den
nye brua over Straumselva. Ho brøytte vegar i Vestredalen og dreiv med
persontransport. I intervjuet blir vi kjende med ei uredd og modig ung kvinne
som ikkje gjekk av vegen for tøffe utfordringar. Intervjuet gjev, gjennom
fleire interessante små glimt, eit svært godt tidsbilete av farne år.
Anders Nielsen Home – mannen
som felte 90 bjørnar
I den andre artikkelen til
Magnar får vi høyre om Anders Nielsen Holme, fødd 1799, på Holme. Det seiest
at han skaut over 90 bjørnar medrekna dei han tok i sjølvskot. Hovudkjelda til
denne artikkelen er Ola J. Mjellem, far til nolevande Jakob Mjellem. Gjennom Ola
Mjellem sine ord får vi høyre om mange spennande og nervepirrande episodar som
Anders var ute for som bjørnejeger, mellom anna om då han i nærkamp med bjørnen
først fekk trykt av etter at bjørnen hadde bite over løpet på
munnladningsrifla. Den handskrivne søknaden der Anders Nielsen Holme i 1847
søkte ”Det Nyttige Selskab” i Bergen om premi for alle bjørnane han hadde
felt, er og med, i seg sjølv ein skikkeleg godbit.
Då me fek konge – dikt frå
januar 1906
Ljøren har fått låne ”Forglemmigei”,
handskrive blad for Strømme (Straume) Ungdomslag. Der er eit fornøyeleg
dikt skrive i januar 1906. Vi veit ikkje kven som har ført diktet i pennen, men
etter tonen å dømme, var nok forfattaren ein av dei 283 (32,2%) i Gloppen som
i november hadde stemt nei til kongedømme. Diktet er nokså ironisk Vi saksar
eit par vers.
|
Vert du mødig, trøytt
og tung,
husk paa det, no hev me
konge,
naar du ser din tomme
pung
freista daa um du kan
synge.
Dronning Maud hev mykje
peng
mykje meir enn nokon
treng. |
Jammen vert det
velstand no
ingen kan vel anna
seija.
Dei som fek det laga
so,
til dei maa me alle
neia no.
Norigs bonde gjer eit
smil
gakk aa legg deg til aa
kvil. |
Tilladelsen til at skyde hundyr tør
vise seg meget skadelig
I små utdrag
frå 1905-årgangen av avisa Nordfjord, er hjortejakt tema fleire gonger.
I jagttiden i 1904 blev der i Hyen skudt i alt 16 hjorte, får vi vite. Redaktøren
er elles bekymra for at folk skyt hodyr, og at det må vere årsaka til at talet
felte hjort har gått sånn ned.
I det heile burde det vere noko
for ein kvar smak i Ljøren 2005. Her er stoff frå dei fleste bygdelag i
kommunen. Her er lange og korte artiklar, underhaldning i form av
reiseskildringar, mellom anna ein tur til Paris med veteranbil i 60-åra og meir
historisk fagstoff som artikkelen om Gloppen i 1905 og mykje flott biletstoff.
Korleis få tak i Ljøren
Ljøren er til sals i butikkar
i Hyen, på Sandane og i Breim og kostar 100 kroner i utsal. For utanbygds kan
han dessutan bestillast ved å kontakte kasserar i sogelaget, Margret Sande, på
tlf. 57 86 78 50.
Kr. 22,- i porto kjem då i tillegg.
Sverre Folkestad
- leiar i Gloppen Sogelag -
|