Lys i julegåve - spennande historisk artikkel frå Hyen.

Gloppen Sogelag har dei siste seks åra gjeve ut sogeskriftet Ljøren. Redaksjonen har som målsetting å få med stoff  frå heile kommunen.  Av stoffet i 2004-årgangen kan vi nemne: Kraftverk på Hyeneset - draumen som brast. Bombenedslag ved Svarthammaren og andre krigsminne. Har berga støylsmeieri (om støylsmeieriet i Kandalen.) og Utvandringa  frå bygdene våre  til Vestfold. (Om austlandsfeberen som herja i mellomkrigsåra.) Bladet er i tillegg  krydra med artige små kutt frå 1904-årgangen av Nordfjord, ei avis som kom ut på Sandane og ein variert biletkavalkade: Før i verda.

Hovudartikkel frå Hyen.

Årets utgåve burde ha spesiell interesse for hyarane. Hovudartikkelen denne gongen har tittelen Lys i julegåve – då Hyen fekk elektrisk kraft. I ein grundig, velskriven og godt illustrert artikkel tar Magnar Heimset oss med godt 50 år attende i tida til 1953 då Hyen etter mange års venting fekk elektrisk kraft. Lyset vart påsett veslejulaftan det året. Magnar tar først eit kort historisk tilbakeblikk på utbygginga av kommunale kraftverk i  Gloppen og gardskraftverk i Hyen. Han går så nærare inn på historia om då den ”store elektrifiseringa” av Hyen tok til.

Intervju med Olav Solheim og Aksel Holme

Gjennom intervju med Olav Solheim og Aksel Holme får vi førstehands kjennskap til linjebygging og installasjon. Aksel Holme var med i arbeidsgjengen som bygde linjenettet, og dei hadde ei klar målsetting. Linja skal fram til jul om vi så skal symje gjennom væta.. Olav Solheim var tilsett som installatør. Om han heiter det at:  det  var stort sett han som installerte ”heile bygda.”

Lysfest for 250 i skulehuskjellaren med talar, rømegraut og bunadskledde hyejenter

Rosina i pølsa er referatet frå lysfesten i Hyen i januar 1954. Magnar har her hatt tilgang på heilt uvanleg kjeldemateriale. Einar Henden, driftssjef i Gloppen Energiverk  tok nemleg opp både talar og andre innslag på lydband. Det er svært sjeldan at ein kjem over så gamle lydbandopptak. På ein interessant og levande måte formidlar Magnar gjennom korte glimt frå talane og dei andre innslaga noko av stemninga på festen.

Menneska og lyset – festprolog av Knut Gjengedal

Knut Gjengedal, den kjende skulemannen og forfattaren, framførte ein lang og svært leseverdig festprolog,  Menneska og lyset. Denne er teken med i sin heilskap i bladet. Så vidt vi kjenner til, er det første gongen denne prologen er å finne på prent. Også Einar Henden sin tale på rim er vel verdt å bruke tid på.

I det heile burde artikkelen til Magnar Heimset om denne storhendinga for 50 år sidan vere av stor interesse både for ung og gammal, fastbuande og utflytte hyarar.

Korleis få tak i Ljøren:

Ljøren er å få kjøpt i butikkar i Hyen, på Sandane og i Breim. Ljøren kostar kr 90,- i utsal. For utanbygds kan han dessutan bestillast ved å kontakte kasserar i sogelaget Margret Sande. Tlf. 57 86 78 50. Prisen vert då kr 100,-  sidan vi må rekne litt ekstra for portoutgifter.

      Sverre Folkestad

- leiar i Gloppen sogelag -