Morten ny landslagstrenar











       

Morten vert ny landslagssjef

Morten Aa Djupvik frå Hyen vert ny landslagssjef etter Krister Sørgård. Det er klart etter Norges Skiforbund  sin pressekonferanse på Gardermoen fredag 12. mai.

Heilt sidan Krister Sørgård gjore det klart at han ville trekkje seg som hovudtrenar for det norske herrelandslage i langrenn tidleg i vår, eitt år før kontraktstida hans gjekk ut, har det vore store spekulasjonar  og mykje skriveri i media om kven arvtakaren i sjefsstillinga ville bli. Firda Tidend var, så vidt vi har registrert, den einaste avisa som heldt den suksessrike junior- og rekrutteringslandslagstrenaren, Morten Aa Djupvik frå Hyen, som den mest aktuelle kandidaten.

Ny organisering
No er altså kabalen lagt. Morten vert sjef for eit trenartim på tre der Ulf Morten Aune har ansvar for sprintlaget, medan Vidar Løfshus sluttar som trenar for amerikanarane og får ei ny rolle som løparutviklar i det norske landslaget.

  - Vi har brukt mykje tid på å finne ut ein best mogeleg måte å organisere trenartimet på, og korleis vi vil ha det for å få ting til å fungere optimalt. Eg har lenge visst at eg var aktuell, og har teke alle spekulasjonane om andre kandidatar med ro. Som eg har sagt tidlegare, har eg sett det som svært viktig å få dei rette personane i trenartimet, og har vore mindre oppteken av rangeringa, seier Djupvik.

  Han er overtydd om ar Vidar Løfshus vert ein veldig bra mann og ein god samarbeidspartnar i trenargruppa.

Motivert og klar
Djupvik er veldig motivert og klar for arbeidet som landslagssjef, men er sjølvsagt inderleg klar over og førebudd på at det ikkje berre er godversdagar som ventar han i den nye jobben.

  - Men kva er det som kvalifiserer ein ung mann som deg for ei slik kjempeoppgåve i norsk nasjonalidrett nummer ein?

  - Eg har vore langrennstrenar på heiltid og på toppnivå i seks år, så eg har, trass relativt ung alder, skaffa meg ein del relevant røynsle i tillegg til teoretisk utdanning i faget. Eg har jobba tett med Krister Sørgård nokre år, og kan stå for kontinuitet i trenararbeidet, noko som eg trur er svært viktig. Eg er ikkje redd for å ta i eit tak, og det er ein viktig eigenskap i ei slik stilling. Dessutan har eg godt humør, er sosial av natur og har sans for å skape eit godt miljø rundt meg. Med 200 reisedøgn i året saman med løparanne og trenartimet, er det lett å forså at det er viktige eigenskapar, hevdar han.

Populær mellom løparane
- Og løparane ville ha deg?

  - Ja, det er naturlegvis hyggjeleg, og var ein føresetnad for meg. Det er eit must å ha tillit i løpargruppa, sjølv om vi nok ikkje er einige i alt. Det er stor aldersspreiing mellom løparane, og det er om å gjere å få fram det beste i den enkelte, og få dei til å dra nytte av kvarandre sine kvalitetar. Sjølvsagt har dei yngre mykje å lære av veteranane, men eg trur og dei nye kan tilføre mykje bra den andre vegen. Få eller ingen blir verdsmeister åleine, det er heilt avgjerande å fungere som eit lag og å unne kvarandre suksess. Alle kan ikkje vinne på ein gong, og det gjeld å få løparane til å backe kvarandre opp, understrekar den nye landslagstrenaren.

Framleis singel
- Du er framleis singel, det er vel ein fordel i ein slik jobb med mykje reising og fråvær?

  - Det er sikkert ein fordel for jobben eg skal utføre, for eg kan ofre meg hundre prosent, veit du. Men for meg sjølv er det jo ein katastrofe, og moderen er veldig bekymra. Men eg arbeider med saka, det tek berre litt tid. Eg er ikkje innstilt på å skrive etter, eller kjøpe tenester, og då må ein nødvendigvis ha litt tid til å pleie kontaktar. Den tida har eg ikkje i denne jobben, ler den joviale, humørfylte og 31 år unge topptrenaren i norsk herrelangrenn, Morten Aa Djupvik. 

- mheim -