Landslagstrenar











Djupvik blir landslagstrenar

Morten Aa Djupvik frå Hyen skal neste år trene utviklingslandslaget i langrenn for menn. Det betyr at Djupvik har fått ein av dei viktigaste trenarjobbane i norsk langrenn.

 

Ut og inn

For broren Roger var det derimot over og ut frå forbundslaget. – Det var vel eigentleg ikkje så overraskande at broren min forsvann ut av laget. Han har ikkje hatt dei plasseringane som måtte til denne vinteren, seier Morten som har klatra i langrennshierarkiet og blitt trenar for utviklingslaget komande sesong.
Det blir spennande å få ansvaret for dei nest beste løparane. Laget består av seks løparar og vi kjem til å følgje desse tett opp. Dessutan kjem vi til å halde ein open profil ut i langrenns-Norge slik at region- og krinslag kan trekkje litt vekslar på oss, seier Aa Djupvik som tidlegare var landslagstrenar for juniorane.

 

Morten kan gå på ski sjølv og. Foto: Magnar Heimset

Dette biletet får oss til å tenkje på Jakob Sande sitt dikt om Vesle Daniel som skal ut i verda. Men det er korkje Knute-Sivert, yngste bror hans, eller far hans, gamle Dave Myra som står og ser på medan Morten pakkar "ferdakista". Derimot er det broren Roger og faren Kurt. Foto: Firda

- mheim -