Endeleg tunnelgjennomslag i Lakshammaren i Hyen

Torsdag 02. desember small det igjen i Lakshammaren, og det befriande lyset kunne strøyme inn i tunnelen. Holet som opna seg representerer ein sårt etterlengta ventil til omverda for dei hardt prøvde austredølingane.

F.T. Magnar Heimset

Mange vil nok seie at dette er starten på ei ny tidsrekning i Austredalen i Hyen. Ikkje alle problema i Ommedalsstranda er løyste med dette, men det er eit stort framsteg. Lakshammaren har lege der som ein utrygg flaskehals og skapt ”andøge” for dei som har vore nøydde til å køyre forbi der under alle slags ver og føretilhøve.

Isjuklar
I overhenget i hammaren har det, i kuldeperiodar, laga seg store juklar som faktisk kunne hindre køyrety i å passere. I mildver kunne tunge istappar kome deisande ned på biltaket og vere direkte livsfarlege. At fjellstrukturen var så rasfarleg som han altså viste seg å vere den 27. september i år då store delar av hammaren rasa ut, var det vel, nær sagt heldigvis, ingen som var klar over.

I over to månadar har austredølingane vore avhengige av båtskyss forbi rasstaden, med alle dei forseinkingar og innfløkt transport-logistikk det har ført med seg. All vare- og tungtransport har gått på ein stor flåte. Det har gått utruleg bra takka vere ein mild haust utan nemneverdig islegging på Ommedalsvatnet.

Gjennomslag
Men i går kom altså gjennomslaget i den 100 m lange tunnelen gjennom Lakshammaren. Rett nok eit lite hol i fyrste omgong for ikkje å rive ut for mykje fjell i dagen. Det gjeld å ha så langt vern mot ras som mogeleg.
– Vi reknar med at båtruta må gå ut neste veke, så kan vi ta til å sleppe skulebussen og annan naudsynt trafikk kontrollert gjennom tunnelen, seier oppsynsmann Sveinung Hovland i Statens Vegvesen til Firda Tidend.
– Det gjenstår ein god del arbeid enno, med ettersikring av tunnelkvelv og skjerming mot vatn, støyping av portalar og legging av berelag på vegen. Asfaltdekke kjem ikkje før til våren, for verka har slutta å levere for vinteren, opplyser han.
– Så julaftan er framleis dagen for offisiell opning av tunnelen?
– Ja, vi reknar med at dei treng tida fram til då.

Stort apparat
– Kven er vi, og kven er dei, det er ikkje så lett å halde styr og vesen frå kvarandre lenger?
– Vi, byggherren, er Statens Vegvesen der Mesta tek seg av produksjonsdelen av arbeidet vårt. Dei er entreprenørane, i dette tilfellet arbeidsfellesskapet Volda Maskin og Bleikvassli gruber, som har hovudentreprisen. Dei igjen hyrer inn Skanska til å støype tunnelportalane. Torleiv Straume er underentreprenør til Mesta, og har stort sett hatt alt arbeidet utanfor sjølve tunnelen.
– Jau då, det klårna no litt. Så de gjer skikkeleg arbeid her?
– Ja, det vert ein skikkeleg tunnel, ikkje snakk om nokon slags mellomløysingar her nei.
– Korleis har arbeidet gått. Har de treft på vanskeleg fjell?
– Nei, ikkje verre enn venta. Det er dagfjell vi har med og gjere her, og særleg i starten var det mykje sleppefjell. Dei var litt mødde av at jord og drit i sleppene seig ned i borehola og stengde når dei skulle inn med sprengstoff. Men mot Ommedalssida vart det betre.


Snart siste reis for Fjord2 på Ommedalsvatnet. Om ei veke sluttar både flåten og passasjerbåten å gå.