Kyrkjebautaen
på Bakken i Hope
Hyen hadde kyrkje i mellomalderen - Kirkia i Hya. Ho stod på
Bakken i Hope, rett opp frå Kyrkjevika. Ein reknar med at ho vart til nedfalls
i tida etter Svartedauden kring midt på 1300-talet. I 1950 reiste Hyen sokneråd
ein stein til minne om kyrkja og den gamle kyrkjestaden.

Bautakomiteen som var vald til å stå for arbeidet, frå
venstre: Kyrkjetenar Ola R. Hope, stortingsmann Ola Gjengedal med dottera Inger,
vegvaktar og sjef for arbeidet Gabriel Holme, grunneigar Ola M. Hope, soknerådsformann
Øystein Ommedal og initiativtakar Gunnar S. Fitje.
Bautastein - reist i 1950
Det var Gunnar Fitje som fyrst målbar tanken om å reisa ein stein til minne om
den gamle Hyekyrkja. Soknerådet fylgde opp og sommaren 1950 var steinen på
plass. Dei fann emnet i Hopsdalen like ovanfor Brekkefossen på sørsida av
elva. Derifrå drog dei han på skåter, ved hjelp av stubbebrytar, opp til
vegen. Steinen vart transportert med lastebil til Hope og deretter dregen frå
vegen og opp til staden der han no står. Gabriel Holme var, som vegvaktar og
fagmann på stein, sjef for arbeidet. Det var litt av ein jobb, for steinen har
ei total lengd på knapt sju meter og veg om lag fem tonn. Det er ikkje gjort
arkeologiske utgravingar på staden, men ein er nokså sikre på at steinen står
på den gamle kyrkjetufta.

Frå avdukingsseremonien som samla mykje folk.
Avduking
Steinen vart avduka søndag 2. juli, i mindre godt vêr, men likevel med mykje
folk til stades. Formannen i soknerådet, Øystein Ommedal, helsa stemnelyden og
ynskte velkomen. Han retta ei særskild takk til Gabriel Holme for den store
innsatsen hans.
Prost Kvaale heldt avdukingstalen og skildra kva kyrkja på denne staden hadde
å seia for folket i sorg og glede gjennom skiftande tider og kår. - Her på
denne staden, sa talaren, står ein andlet til andlet med det sentrale i
fedrearven vår, den arven som det er vår heilage oppgåve å vyrdsla slik at
han kan gjevast over til dei som kjem etter oss.
Hyen utan kyrkje i meir enn 500 år
Den noverande kyrkja i Hyen vart bygt ved sjøen, nord på Straumsholmen, og
vigsla onsdag 14. juni 1876. Mellom desse to hyekyrkjene ligg meir enn 500 år
med lang og strevsam kyrkjeveg for hyarane. I denne perioden måtte folket frå
Hyen ro heile Hyefjorden og halve Gloppefjorden til Vereidskyrkja når dei
skulle til gudsteneste og andre kyrkjelege handlingar. Dei som budde øvst i
dalane hadde i tillegg mellom ei og to mil å ta seg fram over uvegsamt land og
vatn. Vi veit at det mange gonger, vinterstid og i uvêrsbolkar, kunne gå
vekesvis før det var mogeleg å føre dei døde til vigsla jord.

Den stolte bautaen står høgt og fritt ved Larslada på Bakken rett opp for Larssvingen i
Hope.

Det er hogge inskripsjonar i steinen. Øverst ein latinsk kross.
I midten står det: MINNE OM HYEKYRKJA I MILLOMALDEREN.
Nederst: GUDS ORD DET ER
VÅR FEDRAARV. På baksida ned mot vegen: REIST AV HYEN KYRKJELYD 1950.
Rett ned frå steinen ligg Kjerkjevikja. I bakgrunnen Straumsholmen med "Nyekyrkja",
vigsla i 1876, i venstre biletkant.

Like ovanfor
Brekkefossen på sørsida av elva er det "sleppefjell" med skifrig
struktur som gjer at det deler seg opp i ulikt tjukke flak. Her vart emnet til
bautasteinen funne. Vatn og frostsprenging har nok løyst steinen frå fjellet
og såleis skapt dette flotte, naturlege minnesmerket som no står på
kyrkjetufta.
Tekst og fargebilete: Magnar Heimset, 2002.
Svart-kvitt bilete, eigar O.J. Birkeland.
Prenta kjelde: Jubileumsskrift HYEN KYRKJE 1876-1976 utgjeve av Hyen sokneråd.
O.H.: Gamlekyrkja i Hyen. I Fjordabladet. 01.08.1950. Nordfjordeid.
Uprenta kjelde: Informasjon frå Matias M. Hope, Gloppen.
|