Kvelvingsbruna
Kvelvigsbruna i Hopsdalen på riksveg 615 mellom Straume og Heimseta er eit
vakkert stykkje ingeniørkunst. Ho vart bygd i 1934 som bruløysing over
Hopselva nokre hundre meter nord for Hopsstøylen som då offisielt heitte
Breistøl på kartet.

Kvelvingsbruna sett ovanfrå mot Hope. Ho er eit vakkert byggverk som fell
godt inn i naturen.
Byggjemåte
Brua vart bygd i ei tid då ein stort sett hadde teke til å nytte stål og
betong til slike prosjekt, og gått bort frå dei reine steinbruene som
handtverksmessig nok var svært tidkrevjande å byggje.
Det interessante ved denne brua, er at her er nytta ei kombinasjonsløysing der
det berande elementet er to yttervangar laga av nøye tilhoggen stein med
mørtelfuger mellom, og betongblanding ilagt prosentstein med paralelle sider
vinkelrett på trykklinja mellom vangane. Det heile er lagt på ein godt
fundamentert murfot i kvar ende og bogeforma treforskaling imellom. Når brua
så var ferdig og betongen herda, vart forskalinga fjerna, og det bogeforma
berande elementet som då kom i press mellom murføtene heldt brua oppe.
Sjølve bruspennet er 14,5 m langt, og brua er 5,0 m brei. Kostnadsoverslag
datert 12. Januar 1934 var på kr. 11.000,-.

Austenden på brua sett nedanfrå. Her er det fundamentert rett på fjellet.
Legg merke til kor nøye steinane er tilhogne og samanføya. Kombinasjonen
betong ilagt prosentstein i midten er interessant.
Veganlegget
Det 13.720 m lange veganlegget mellom Straume og Heimseta var eit forholdsvis
stort anlegg med fleire store og mange mindre bruer. Alle dei andre bruene er
bygde i betong. Dei store med berebjelkar av stål. Det tok naturlegvis lang tid
å planlegge og å få realisert dette anlegget.
Første kostnadsoverslaget skriv seg frå 1889 og lydde på kr. 34.400,-. Ved
utarbeiding av vegplanen i 1917 var det kome opp i kr. 120.000,-, og seinare
same år kr. 250.000,-.
Ved handsaminga av vegplanen i 1921 var summen komen opp i kr. 1.000.000,-.
Mønsteret er lett attkjennande frå offentleg forvaltning også i nyare tid.
Vegen vart avlevert 29. september 1936, og lengda var då oppgjeven til 14.046
m.

Grov kartskisse over veganleggsområdet. Kvelvingsbruna er lokalisert i sirkelen
midt på. Kartet som skissa er eit utsnitt av, er datert januar 1923 og signert
O. H.
Tekst og bilete: Magnar Heimset, 2002.
Kjelde: Statens vegvesen Sogn og Fjordane v/Per Birger
Lomheim. |