Ny båt frå Brødrene Aa


Karbonfiberkatamaranen "Kvænangen" krusar på Hyefjorden før levering til TFDS i mai 2005. Foto: O. M. Aa

Ein ny båt er sjøsett på Hyefjorden. "Kvænangen" som er tinga av TFDS ( Troms Fylkes Dampskibsselskap) vert levert til reiarlaget 10.05.05. Så langt har resultata vore svært lovande.

"Kvænangen" er den sjette og hittil største karbonfiberkatamaranen som er levert fra Brødrene Aa. 
Fartyet har følgjande mål/vekt/kapasitet:
 - L.o.a. 23,0 meter
 - B.o.a. 8,0 meter
 - Tonnasje: 143 BRT
 - Fartsområde Klasse C (inntil 25 nautiske mil)
 - Motorar: 2 x MTU 2000 (blokkert på 749 KW)
 - Passasjertal: 50 personer
 - Lugarar: 3 personar 
 - Last: 15 europallar i lasterom, daudvekt 16 tonn
 - Krankapasitet: 8 tonn meter
 - Sjukelugar: Fullt utrusta for ambulanseoppdrag
 - Billast: Skal kunne ta en sjukebil på akterdekk frå ferjelem

Fartyet er utrusta med hydraulisk operert landgang frå øvre dekk med trappeheis til nedre dekk.
Der det hittil største kommersielle fartyet bygd i karbonsandwich. Byggemetoden og byggematerialet gjev båten ekstremt låg vekt og er ei av årsakane til gode fart- og forbrukstal. Under uttesting nådde "Kvænangen" ein fart på 35,5 knop med 3 tonn dødvekt ombord. Vanleg operasjonsfart for fartyet vil være 25 knop i rutefart. Ved utrykning i ambulansetrafikk skal båten halde 30 knop. Med dagens drivstoffkostnader er lågt forbruk svært viktig for dei totale driftskosnadane. Lågt forbruk betyr og mindre miljøutslepp.