Svofossen
småkraftverk på Hope i Hyen
I april 1952 vart det sett i drift eit eige småkraftverk for garden Hope i
Hyen. Kraftverket utnytta det 33 m høge fallet i Svofossen, og
likestraumsmaskinane ytte 80 kW.

Stasjonen ligg fint til ved hølen under fossen der storlaksen framleis
hoppar.
Forhistorie
Spørsmålet om korleis bygda Hyen best mogeleg praktisk og økonomisk skulle
få ei ordning med kraftforsyning, vart ikkje endeleg løyst før straumen
omsider kunne setjast på om ettermiddagen den 23. desember 1953.
Før den tid hadde hyarane måtta tole mange vonbrot med stadige utsetjingar
heilt frå tida kring 1920. Gloppen elektrisitetsverk prioriterte ikkje Hyen, og
hadde knapt straum nok å levere heller på den tid.
Men Hyen hadde rikeleg med kraftkjelder sjølv, og tanken om eit eige
kraftverk for bygda melde seg. Under krigen var ei nemnd i arbeid med planar om
oppdemming av Skilbreivatnet og utbygging av Brekkefossen. Men det standa på
finansiering, og ikkje var det lett å bli samde om løysingar heller. Hopsarane
pressa hardast på og stilte nærast ultimatum – anten fekk ein setje fart i
utbygginga i Brekkefossen, eller så ville dei byggje åleine i Svofossen berre
for Hope.

Stasjonshuset vart oppført i betong med ei grunnflate på 39 kvm. Byggjestilen
er nok meir "Funkis" enn miljøvenleg.
Utbygging
Tolmodet til hopsarane tok slutt, og dei sette i gong arbeidet med å byggje
eit lite kraftverk i Svofossen. I 1949 vart maskinane innkjøpte for ein pris av
kr. 33.000,-
Fallhøgda i fossen var 33 m og likestraumsmaskinane ytte 80 kW. Det skulle
vere rikeleg til å forsyne dei 10 husstandane med straum.
Stasjonshuset vart oppført i betong med ei grunnflate på 39 kvm.
Materialane til delar av røyrgata vart hoggen i eigen skog. Den øvre, slake
delen av røyrgata vart bygd av pløgde bord haldne saman ved å røyre tjukk
ståltråd rundt. Stupet ned til kraftstasjonen vart bygt av stålrøyr laga av
saman-nagla stålplater. På Svoa ovanfor fossen vart det bygt ein låg demning
som førde vatnet inn i røyrgata.
Straumen vart sett på i april 1952. Linenettet vart nok ein flaskehals, for
når "alle" gjekk i fjøsen, vart spenninga låg og lyset markert
svakare.
Eit så viktig vendepunkt måtte sjølvsagt feirast. "Lysfesten"
på Hope vart utsett eit halvt år, for hopsarane ville gjerne markere det heile
med å servere ein rett med sterk lokal tilknytning. Hjorten var vanskeleg å
få has på det året, men fest vart det, med sjølvskriven prolog og det heile.
Kraftverket var i drift i ein tiårs-periode til Hope vart knytt til det
øvrige linenettet i bygda.
Tekst og bilete: Magnar Heimset, 2002.
|