|
Populær kompardag i
Hyen
Sist onsdag var det bokstavleg tala duka for den
etter kvart så tradisjonsrike kompardagen i Hyen, og opp mot 300
velsmakande komparar vart fortærte i eit koseleg sosialt miljø i
Samfunnshuset.

Kokkene i sving over kompargrytene. Frå v.: Solgunn Eimhjellen, Bergfrid
Rønnekleiv og Sissel Solhaug.
Til no i det tredje tusenåret har Hyen
Bygdekvinnelag stelt i stand ein årleg kompardag der dei innbyr til
kulinariske opplevingar på tradisjonsrike raude og kvite komparar med
ditto tilbehør. Onsdag var det tiande året på rad dei stelte i stand
denne utruleg populære kafeen, og hyarane gjekk mann av huse for å få
oppleve skikkeleg gammaldagse blodkomparar med sideflesk i, og med kålrot,
steikt flesk og kulturmjølk til.
Store mengder
Det er store mengder som går med til å mette – om ikkje fem tusen
– så langt opp mot to hundre komparglade hyarar som stikk innom i løpet
av dei tre-fire timane kafeen er open. Kokkene har ikkje nøyaktige tal,
men medgåtte ingrediensar talar for at opp mot 300, halvparten kvite–
og resten blodkomparar, går med. I tillegg kjem alt tilbehøret; kokt kålrot
og steikt flesk til dei raude, og kålrot, salta grisekjøt og pølse til
dei kvite. Til drikke vert det servert dygdig kulturmjølk eller saft
etter ønskje. Blodet som vert brukt er av storfe. Det er forskriftsmessig
kontrollert og kjem djupfrose frå Gilde sitt anlegg på Rudshøgda.
Og
det er nok ikkje berre for maten si skuld at folk kjem. Det er like mykje
for det sosiale; det å kome saman, treffe vener og kjende og slå av ein
prat over eit godt måltid mat. Det er ikkje så ofte folk her har høve
til å gå på kafé og bruke tid på å treffe sambygdingar, i vår tids
travle kvardag vert det lenger og lenger mellom slike høve.
Mykje arbeid
Alt klokka ni om morgonen var kokkene på plass for å ha alt klart
til dei første middagsgjestane skulle kome i eittida. Bergfrid Rønnekleiv
har heile tida fram til no vore sjefskokke.
–
Eg trappar ned no og hadde ikkje tenkt å vere med lenger. Men dei yngre
kokkene ville ikkje ta ansvaret for blodkomparane, så eg vart med i år
og. Men no lyt friske krefter ta over, og eg tvilar ikkje på at dei
greier det. Men vi treng rekruttering i laget, seier Bergfrid. Ho har hatt
med seg Solgunn Eimhjellen og Sissel Solhaug over kompargrytene, og ei
handfull andre bygdekvinner til å ta seg av andre oppgåver først på
dagen. Så kjem andre og tek over. Det er sett opp vaktliste, og arbeidet
er fordelt mellom eit tjuetal medlemer. I tillegg er det fleire som har
baka kaker til kaffien.
Veteranane gjev seg
– Er det fare for at det blir slutt på dette tiltaket når dei
eldre medlemene gjev seg? Spørsmålet går til Solgunn og Sissel.
–
Det er kjekt å vere med og lage til. Av og til kunne det vore fint å
berre kunne gå på kafé og prate, men når vi ser kor stor pris folk set
på dette, gjev det inspirasjon til å fortsetje. Folk kjem tidleg og gjev
seg god tid og pratar. Dei kjøper seg kaffi og kaker og ser ut til å
kose seg. Det er hyggjeleg for oss som lagar til, seier dei to.
Bygdekvinnelaget har to slike tilstellingar i året. Før jul er det
adventskafé, som òg er veldig populær. Då står julepølse og
medisterkake på menyen.
Kaffi må til
Og etter ein tungt middag kjem det vel med at det er rikeleg høve til
å kjøpe kaffi og kaker. Utvalet av kaker er overdådig som det alltid er
ved slike tilstellingar i bygda. Folk gjev seg god tid med kaffien, og søgjen
går livleg rundt borda.

Søgjen går livleg rundt borda når Bygdekvinnelaget steller til
komparkafé i Samfunnshuset. Frå v.: Margret Aa Djupvik, Oddrun Hjorteset
Ommedal, Solfrid og Bjørn Rygg, Bergfrid og Anders Rønnekleiv.
Kompardag 20. november
2003
|