Kompardag i Hyen 20. november 2003
Bondekvinnelaget baud igjen heile bygda inn på komparmiddag.
Det var fjerde gongen den årlege kompardagan vart laga til. Og reaksjonen frå
bygda skal ingen klage på; det var fullt hus og tildels lange køar framfor
kompargrytene. Glade hyarar sette pris på tradisjonsmaten.
Det heile starta med at bondekvinnene ville gjeninnføre tradisjonsmaten
blodkompar på menyen rundt om i heimane. Matretten heldt på å bli borte frå
middagsborda i bygda. Så dei sette igong, laga store mengder både av
blodkomparar og kvitekomparar og inviterte bygdefolket til gastronomisk fest.
Det vart stor suksess. Folk gjekk mann av huse, tok med seg slekt og vener og
møtte opp på Columbus.
Slik også på Samfunnshuset i år. Om nokon vil vite det, så gjekk det med 32
kg poteter, 20 kg kålrot, 6 -7 kg bacon, 6 liter blod frå storfe, salta kjøt
og pølser. Så her var det storproduksjon. Men sjefskokka, ho Bergfrid, hadde
hjelp av 7 røynde damer på kjøkenet i Samfunnshuset. Trongt om plassen ja,
men med godt humør og god arbeidsdeling vart det lite søl trass så mange
kokkar på eit så lite rom.

Her er stor fagkompetanse samla for å gje middagsgjestane ei kulinarisk
oppleving med tradisjonsmat.

Og gamle vener nytta høvet til å treffast til ein hyggjeleg prat over god
mat. Tekst og foto: Tor Larsen