|
I sogeskriftet "Ljøren" for 2001, hadde Ove
Eide ein artikkel om Knut Gjengedal og hans forfattarskap. Vi har fått lov å
legge ut denne artikkelen på Hyen på Nett i samband med det vi skriv om
bautasteinen på Klype under "Attraksjonar".
Ove Eide:
OM BYGDEDYR OG
UGJERNINGAR I UTLANDET
Nokre nedslag i Knut
Gjengedals forfattarskap
I fjor var det 100
år sidan forfattaren Knut Gjengedal frå Hyen vart fødd – og dermed eit ytre
høve til å trekke fram att ein lokal forfattar. Men berre ytre høve er aldri
gode nok grunnar til å peike på forfattarar og bøker. Det må og finnast
indre grunngjevingar, det må vere noko med bøkene som framleis grip oss – og
etter mitt syn er det slik hos Gjengedal. Bøkene hans er ikkje gått ut på
dato, sjølv om det er over 70 år sidan han byrja skrive.
Vi kan lese bøkene
hans som merke frå tider som var, forteljingar om korleis det var å leve på
bygdene frå 1930-åra og frametter. I eit artikkel i "Norsk Aarbok" i
1934 skreiv Conrad Clausen om nokre nye forfattarar som hadde stige fram:
"Dei er ljos som brenn med høg loge. Dei er merkte av samtidi, kjenner
hennar veila og vyrdnad; dei veit kva som veks i dag og skynar kva som krevst i
morgon. Dei er diktarar i nyskapt
land. Og namna fell lett på tunga: Knut Gjengedal, Halldis Moren, Åsmund Sveen,
Jakob Sande og Inge Krokann." Det er inga lettvektar-liste Gjengedal vert
nemnd i – og han står fyrst av dei. Men Knut Gjengedal sine bøker er meir
enn tids-dokument frå farne år. Rett nok er somt tidsbunde, som den sterke
uthevinga av at dei ekte verdiane finst på landsbygda, i motsetnad til byens
farlege krefter. Men han skriv om menneskelagnader og bygdeliv som det framleis
går an å kjenne seg att i, han har målande naturskildringar som mange vil
finne glede i – og han bryr seg om verda utanfor bygda.
Knut Gjengedal byrja
sterkt i det mørke. Allereie i debutromanen Guten fraa einsemda finn vi
motivet om bygda som dømer og stemplar andre menneske: "Vi dømde feil. Vi
dømde etter det som var synleg – utan aa granska aarsakene. Det gjekk visst
mange lidande menneske gjennom livet, avdi dei var feil dømde" (s. 73).
Det er mangt som sprengjer på i denne første romanen, godt i samsvar med noko
Gjengedal sjølv sa til "Norsk Boktidend" i 1931. På spørsmål om
kvifor han skriv, svara han: ".. eg skreiv fordi at krefter innafrå braut
på og laut løyse seg ut i ord". Ein av dei mange som såg dette var
Conrad Clausen som skreiv at Knut Gjengedal ".. er det mest typiske
utbrotet me kjenner i norsk boksoga. Han er psykolog av det nådelause slaget;
tanken må tenkjast til endes, det nyttar ikkje med bøn um å sleppa. Han
berrlegg motiv, orsak for stemningar og utslag utan ringaste umsyn til kva Per
og Pål og tante Louise tykkjer er høveleg fysnelesnad. "Å dikta, det er
å sjå", sa Henrik Ibsen ein gong. Knut Gjengedal hev sét innsida av
norsk bygdeliv i dag. Og det han ser, det fortel han. Og når han talar, då søkk
det i oss" (Norsk Aarbok 1934).
Det han såg, og som
støkte han, var mellom anna ein slektning av det bygdedyret som Tor Jonsson såg
noko seinare i hundreåret. I dei tre bøkene som følgde etter debutromanen,
Stengslor (1930), Berre ei mor (1931) og Eldrid Flun og
Brite-borna (1933), skamrista han det tronge bygdesamfunnet sine holdningar
mot dei som fell utanfor på eitt eller anna vis. Var du ugift mor, uekte barn
(som det lenge heitte) eller arbeidslaus, hadde du små sjansar i det samfunnet
Gjengedal kjende og skildra. Å skilje seg ut var å få dommen over seg. Avvik
skal ikkje tolast! Også dei tiltaksføre var utsette: Du må ikkje gjere noko
anna enn det tradisjonen seier. Låtten fall lett over dei som ville prøve noko
nytt.
I Gjengedals
bygdeskildringar finn vi mange likskapar med både det Jonssonske bygdedyret og
med Sandemoses Jante. Vi finn dei same undertrykkingskreftene hos Gjengedal som
hos Sandemose: Største synda er å tru ein er noko, innordning er vegen å gå
viss ein vil ha fred i desse samfunna. Hos Gjengedal er både Bygdedyret og
Bygdejante levande røyndom.
No skjer det ei
utvikling hos Gjengedal i løpet av desse første bøkene. I Stengslor er
sladderen og baksnakkinga skildra nokså allment. Men i Berre i mor er
undertrykkarane identifisert: Det er indremisjonen som talar bygdedyret sine
interesser. I Eldrid Flun og Brite-borna dempar så forfattaren seg noko,
og skildrar Eldrid Flun som representant for ein praktisk nestekjærleik, eit
medmenneske som lever ein kristendom som ikkje er dømmande, men ofrande.
Conrad Clausen skal
igjen få ordet til ei oppsummering av dei første bøkene:
Gjengedal ser annleis på bygdekulturen vår enn Bjørnson og Aukrust
gjorde. Han ser og kjenner den myrke innsida, hatet, slarvet og styggedomen som
"bygdi" dyrkar attum dei fire maskene: englemaska, helgenmaska,
misjonsmaska og samaritanmaska. Denne svarte innsida av bygdekulturen trur eg
hev skote fleire giftblomar dei siste åri enn noko gong fyrr. Her hev kome inn
ein drepande sladderepidemi, som rettsstell og domstolar stend makteslause
framfor. Det kostar ikkje mykje å tyna ein manns gode namn. Slarvet er vår
nasjonalsjukdom. Mang ein bra ungdom hev rømt or bygdi – ofte berre til å
koma undan pølen. Og so fekk me
"flukti fra bygdene", men orsakene var ikkje berre dei økonomiske.
Etter fire romanar kom tre novellesamlingar: Vestanfrå villmarkene
(1935), Slikt hender (1936) og Det brenn ein lengsel (1946). Og no
slår samtidas politiske vondskap tydeleg inn i forteljingane: "Dei tre
Glo-grannane sat i kjellaren og drakk øl. Dei hadde nett lese blada. Hatet og
vondskapen gjekk sterkt framover, såg dei. Ein stad nedi utlandet hadde ein
mann brennt ned heimen åt grannen sin. Og her hit-i var det tjuveri og ran og
slagsmål" (Vestanfrå villmarkene, s.7). Heile denne samlinga kan
lesast som ei framvising av vondskap og irrasjonelle val. Vondskapen finst inne
i oss, som mulegheit, men perspektivet er vidare enn som så: "Eg høyrde
stynjinga deira. Eg såg bloddroplet frå fingrane deira. Og piskestripene i
andlitet. Ugjerning for ugjerning kom frå inn- og utland og stod her vest i
norskemarka og viste meg" (same boka s, 63-64). Lese slik er Gjengedal ein
samtidsmedviten forfattar, som viser fram ein veksande vondskap i verda – men
han er ikkje påtrengjande: Lesaren får sjølv gjere seg sine tankar og tenkje
seg sine val.
Etter novelle-samlingane vart det barnebøker, og for mange er det
barnebokforfattaren som er mest kjend. Men også i desse bøkene møter vi
Gjengedal som verdi-diktar. Han formidlar eit
økologisk perspektiv på menneske og natur, og han tek sterkt avstand frå
den sentraliseringa han opplevde i etterkrigs-Noreg. I Glomfolket (1954)
og Gutane i Glomgrenda (1963) vil forsvararane av utkantskular finne gode
argument for å halde dei oppe. Det sterkaste argumentet er det ho
"bestemor ved elva" som har: "Ja så, ja så... dei samla seg og
bygde Babelstårnet og, men..." Det ligg mykje livsvisdom i eit slikt
hjartesukk, og ein sterk otte for folk og land. Sjølv om Gjengedal i mangt er
romantikar i sitt syn på samfunn og soge, er han og realist: Mot vegingeniørar
og "utviklinga" kjempar ein fåfengt.
Sjølvsagt var Knut Gjengedal prega av si tid og si samtids tankar, det
fengselet fangar oss alle til alle tider. Men han såg tydeleg farlege
straumdrag i tida og peikte på krefter som bryt ned. Straumdrag og krefter som
langt frå er ukjende i dag. I skrivande stund kjem meldingar frå utlandet om
heimar som vert bomba og brende – og gjennom media opplever vi stynjinga
deira, ser bloddroplet og piskestripene i andlitet. Også i dag treng vi derfor
forfattarar av det nådelause slaget, slike
som tenkjer tankar til endes, slike som både ser den svarte innsida av
bygdelivet og tek inn over seg ugjerningane frå utlanda. Slike som "veit
kva som veks i dag og skynar kva som krevst i morgon". Slike som ser
styggedomen attom maskene. Slike som Knut Gjengedal, som ikkje var så redd for
kva tante Louise og andre sa – sjølv om han skulle kome til å seie ufjelge
ting. Slikt som søkk i oss....
|