Det er på Kleivane det skjer

Utviklinga går i rykk og napp i dei ulike grendene også i Hyen. Generasjonsskifta er meir eller mindre markerte som t.d. på Solheim og i Gjengedal. På Kleivane er det tydelegvis eit slikt markert skifte no med ei svært gledeleg positiv utvikling med fleire nyetablerte busetjingar.


Dei to nybyggarfamiliane ved bygga sine i det nye byggefeltet på Kleivane.

Fakta om kleivane:
Tekst: Margrethe Mjellem Tonheim

Kleivane er fellesnamn for gardane  Mjellem og Rønnekleiv øverst i Austredalen i Hyen. Her er det fire gardsbruk i drift som alle driv med mjølk og  kjøtproduksjon. To driv  med sauer i tillegg, og ein har høner. Dei har og planar om kraftverk i Rongkleivelva, men desse planane står diverre i stampe. Ein ventar på avklaring vedkomande evt. vassdragsvern. Det er økonomisk viktig for bruka å kunne få dette til, for utviklinga for lønsemda i jordbruket elles er ikkje god.

På Rongkleiva er det kome ungfolk på begge gardane. Ein av familiane (Ellen og Torger) kan de lese meir om i denne avisa. På Mjellem er det komet nye folk på Fosslund (Myrabruket). Nils Holme har teke over garden etter onkelen sin. Det er veldig kjekt å sjå lys på Fosslund att. Nils pendlar til Florø der han jobbar på flyplassen. I Daniel tunet på Mjellem skal dei bygge kårhus neste haust. Bertel Oddne har vore heime i eit år og jobba på garden. Han er forlova med Linda Anette Sande og dei skal etter kvert ta over. Det er dessutan byggeaktivitet her som har kome lenger enn til planleggingsfasen. Det skal bli to einebustadar her oppe, og dei er begge godt i gang. Ein kan trygt seie at her er det ei positiv utviklig og eit veldig godt miljø med både unge og eldre.

I Hyen er det godt å bu:
Tekst: Jon og Anne Kristin

No er det gått ni og et halvt år sidan vi kom tilbake til Hyen frå skulegong i Måløy. Mykje har hendt sidan den tid. Vi har fått to born, Ottar Erik på 8 år og Astri Marie på 5 år. Jon arbeider som bilmekanikar på S.F. Auto, der han fungerar som arbeidande formann med ansvar for bilmerket Renault. Han stortrivs i jobben som stadig byr på nye utfordringar. Som sikkert mange veit er  Anne Kristin drosjesjåfør i Hyen. Det har ho vore i fire år no, og det har blitt mange trivlege turar med sambygdingar.

Og no, etter so mange år er vi i gong med å bygge hus på Kleivane. Det blir litt rart å ikkje vere ommmedølingar lenger, for det har vi trivast med. Men no er vi godt i gong  med byggje-prosessen, planen er at rå-byggjet skal vere kome opp til jul. Til det har vi Hyen Bygg og Florø Treelement til å hjelpe oss med. Elles har vi hatt hjelp av familie til opparbeiding av tomta. Når ein er i full jobb er det avgrensa kva ein får gjort sjølve.

I Hyen er det godt å bu, det er heile familien einig i. Ungane har ein trygg og god kvardag, med god skule og barnehage. I tillegg er vi så heldige å ha mykje familie og slekt rundt oss, og det er godt for både liten og stor. Det er mange år sidan vi bestemte oss for å vere i Hyen, spørsmålet var kvar? Vi har tenkt mykje fram og tilbake, men valet fall på Austredalen der vi har våre røter. Og kva finare plass finn ein i Austredalen enn Lia på Mjellem? Der er fritt og lett, med flotte turtilhøve rett utanfor stovedøra. Utsikten er nydeleg utover Kleivane og nedover Ommedalen. Her kan vi begge sjå til barndomsheimane våre.

Vi ser verkeleg fram til å kome nærare naturen og dei opplevingane den kan gje. Dette synest vi er ein viktig verdi for ungane og oss. Over fleire år har vi òg fått eit spesielt forhold til Langevatnet, der vi har campingvogna vår ståande. Den har vi nytta mykje i lag med familie og vener. Der kan vi vaksne kople av og ungane kan bade, padle, fiske og utfolde seg .

Vi gledar oss  til å bli kleivarar, sjølv om vi veit at det er litt avsides og vegen er bratt og av og til glatt. Vi får òg lenger veg til skule og jobb, men vi ser på dei positive sidene ved å bu der.  

Frå hav til fjell 
Tekst: Margrethe Mjellem Tonheim

  Frode Vesterås er oppvaksen på Værlandet i Askevoll kommune. Han er sambuar med Margrethe Mjellem Tonheim. Vi flytta i lag til Florø for fire år sidan. Han jobba tidlegare som snikkar  på Værlandet, og eg jobba som elektrikar på skipsverftet i Leirvik i Sogn. Når vi hadde budd i Florø ei stund, ville vi slå oss til ro, men så var "tusenkroner-spørsmålet" kvar? Jobbsituasjonen i Florø var for nedadgåande. Eg hadde vore ei del permittert, og Frode hadde fleire gongar fått varsel. Vi oppdaga at det ikkje var det beste å vere i same bransje. Vi snakka om Sandane, Hyen og Værlandet. Men på Værlandet var der ikkje jobb til oss begge, så alternativa som gjennstod var Sandane eller Hyen.

Vi vart einige om å ta eit prøveår i Hyen, Dersom Frode ikkje lika seg her, skulle vi flytte til Sandane. Men han stortreivst og kom godt inn i miljøet! Det må vere ei oppfordring til alle som lurer på om dei vil trivast; prøv! Det er inga skam å snu. Vi hadde i i alle fall angra om vi ikkje hadde  prøvd. Prøveåret var ikkje omme før vi var begynt å spekulere i hus og kor det skulle stå.

Frode jobbar no som snikkar på Trebohus på Sandane, så han hadde klare meinigar om korleis huset skulle vere. Det enda med at vi måtte teikne sjølve. Det vart litt prøving og feiling, men resultatet vart vi fornøgde med. Fyrst såg vi på det nye byggefeltet på Straumsholmen. Der var vi komne ganske langt i planlegginga, men når den store steinen som låg på tomta vart fjerna, såg vi at huset som vi hadde teikna ikkje passa inn. Då vart det "valgets kval" kva vi skulle forandre på; huset, eller ein annan tomt? Vi begynte å sjå på andre hus men vart aldri fornøgde, vi kom alltid tilbake til det vi hadde teikna sjølve.

Då var det store spørsmålet; kor skulle vi få ny tomt? Vi var rundt og såg på fleire plassar, men til slutt var det berre ein som var aktuell i Hyen, og det var på Lia. Vi spekulerte ei stund, var fleire ganger ut og såg. Var dette plassen? Frode var usikker på kor det ville gå å pendle til Sandane. Det vart ein del lenger å køyre, men det er jo folk på større plasser som pendlar lenger. Eg ville ikkje bestemme dette, det måtte han som skulle køyre lengst gjere. Det var no og han som tok avgjerda.

I vår var vi og spurde Anne Marie og Gudmund om dei ville selje tomt til oss. Der var det berre positive svar å hente. Dei har vore fantastiske! Anne Marie har sett seg godt inn i alle papir som skulle utfyllast so når vi kom var det stort sett bere plankekøyring. Det er ein del papir å fylle ut, men det er ikkje noko problem å spørje på kommunen. Dei har vore flinke til å hjelpe oss og har vore veldig positive! Men det beste av alt er at Anne Kristin og Jon med familie ville oppover her og. Då vert vi ikkje åleine om å ikkje vere bønder! Sjølv jobbar eg som avløysar, og då er det jo fjøsarbeid det stort sett går i, så eigentleg er eg i bondeyrket eg og.

No er vi godt i gog med bygginga, dei driv og legg tak i denne stund, fire karar i sving. Det skjer ting! Det er godt at folk er villege til å stille på når vi treng ei hjelpande hand! Dugnadsanda blomstrar her!

Vi gledar oss til å komme i hus sjølv om det er langt fram. Vi skal prøve å jobbe på kveldar og laurdagar. Men det er klart det går lenger tid når ein skal gjer det på denne måten. Det einaste vi treng å leige til er rørleggar, så ein kan seie vi er heldige! Det er mange avgjerder å ta under bygginga, ein del ting lyt ein berre bestemme etter kvart . Det er spennande å sjå kor bygget tek form og om det vert som vi tenkte det på papiret! Vi får berre håpe at vi har trygge jobbar slik at vi greier å betale tilbake det vi lånar.       

 Til hausten 2004 er vi nok flytta på Lia, og det skal bli kjekt! Her er kjekke folk og eit godt naboskap! Det er kjekt at folk viser interesse for bygget vårt og at dei kjem og ser. Det er ikkje vanskeleg å forstå at folk set pris på at vi våger å satse på grenda vår! Ein del av tinga vi har sett på når vi bestemte oss for å satse her var nærleiken til naturen, at ein har turterrenget rett utanfor stovedøra, at her er eit ungt miljø, at vi har ein del av familien i nærleiken og sist men ikkje minst at vi har fått ei solrik tomt.

Ellen og Torger til Rønnekleiv
Tekst og foto: Ellen og Torger

Ein vakker augustdag i fjor kom familien Rønnekleiv-Eimhjellen til Rongkleiva. Med flyttelass, “drektig” kjæring og einebustad til sals, reiste vi frå Førde og Torsheim til eit natureldorado. Nærare bestemt til Hyen og Kleivane grannelag.  Apropo grannar og bygdefolk: Skulle vi rangert velkomsten vi fekk på ein skala frå ein til ti, hadde vi hamna på elleve. Ja frå dag ein har vi følt oss veldig velkomne til Hyen og Austredalen. Og takk skal de ha for det!

Ein del merkbare hendingar har det vore sidan augustdagen i fjor. Eline og Eirik kom til verda ein fullmåne-laurdag i januar. Det vart stor stas i Neretunet, og reservebestefar Anders heiste flagget til topps. Nokre dagar etterpå svinga vi inn på tunet, og  reservebestemor Bergfrid venta oss med nydeleg rømmegraut. Gamlevoggene i tunet kom fram, og med ein god eim av grønsåpe, fekk Eline og Eirik kvar si vogge å ligge i. Og slik vogga vi oss gjennom dagane, medan kjende og kjære stakk innom med god gamaldags sengjamat. Du og du kor koseleg det var!

Tida går. Ellen heldt på med sjukepleiestudiet når tvillingane kom. Ho tok då eit halvt års pause for å vere heime med ungane.  I den tida fungerte Torger som bonde/dreng her på garden, og i tillegg var han med på siste båt (Rygerkatt) som Brødrene Aa leverte. Det var kjekt å få vere røyrleggjar på båt att. Noko travelt var det, men kjekt likevel.

No i haust har vi skifta rolle: Pappaen er heime med bønnja, medan mammaen tek siste året på sjukepleieutdanninga. I den samanheng har Ellen fått høve til å bli meir kjend med bygdefolket i praksisperioden på Løkjatunet, og Torger er blitt ein racer i å skifte bleier. I denne perioden vert det mindre gardsarbeid på oss unge, men når vi alle er “runde i kantane” byr det ikkje på problem.

So lurer vel bygdefolket på om vi vert verande, og til det er å seie at vi trivst kjempegodt, Med “fred og fjelde” er det mykje som kan gå seg til. Planane våre framover er å bli verande i Hyen som bønder, sjukepleiar og røyrleggjar, og å oppretthalde elevtalet på Hyen kombinerte skule. Det ville no være lite klokt å flytte frå ei grend med slik god utvikling. Her vert det eine huset etter det andre oppført, og “ei drøss” med nye, kjempegode naboar på vår alder flyttar inn. Vi gledar oss med dei, og ser med stor glede fram til nye leikekameratar til Eline og Eirik.

Så på tampen av dette skrivet tek vi med at her i Hyen har vi rundt oss det vi i kvardagen treng; nærbutikk, barnehage, skule, bukollektiv, kyrkje, el-og telefonstrengar, posten på døra, jakt, skyting, idrett, vilt i skogen, eit utal fagfolk innan ulike felt, Airlift innan rekkevidde, og vil vi kjøpe oss ein kano eller båt, ringjer vi til Aa. Og sist men ikkje mindre viktig: Vi bur ilag med bygdefolk som er glade for at  kvar og ein av oss bur her.

Og vil vi krydre kvardagen litt ekstra, samlar vi ein gjeng, dynkar oss med litt Hugo, ringjer bestemor, bestefar og Anne Grete og reiser på “Kvinner på randen”.

Med helsing Eline Eirik, Ellen og Torger