Fekk kjempeaure i
Storefjorden
|
Laurdag 6. mai om ettermiddagen tok Kenneth Studsrød
(46) frå Hyen attende stongrekorden for storefjordsaure. Då fekk den
tolmodige sportsfiskaren og trebarnsfaren ein kjempefisk på 5,7 kg.
F.T.: Magnar Heimset
Det er ikkje nokon sensasjon at det vert teke
storaure i Storefjorden. På garn har det vore gjort i ”alle år” i
varierande mengder. Det som er av nyare dato, er at sportsfiskarane stadig
oftare tek skikkeleg store ruggar på stong. I 2002 tok ein florøværing
ein fisk på 5,5 kg. Fram til laurdag den 6. mai 2006 var det rekord på stong, men då
vart altså rekorden sletta, og den nye er på 5,7 kg.
Mange timar bak
Familien Studsrød bur ved Nesholmen i Hyen, og har
tomt med strandline og naust. Kenneth har vore ein ivrig sportsfiskar frå
barnsbein av. Han brukar mykje av frihelgane sine i den vesle, delvis sjølvlaga,
plastkatamaranen sin. Ettersom det regnar ofte i Hyen, har han laga seg
overbygg på båten, som han og har utstyrt med haldarar for stenger og
gode sitjeplassar.
|

Det er lenge mellom kvar gong ein sportsfiskar kan
vise fram eit slikt eksemplar av ein storefjordsaure. Denne ruggen på 5,7
kg fekk Kenneth Studsrød frå Hyen på dorging med stong i solskinet
laurdag 6.mai 2006.
|
–
Eg dreg gjerne ut i fire-femtida om ettermiddagen, og det vert ofte over
midnatt før eg kjem i land att, så det vert ein del timar i båten. Då
er det greitt å ha det litt komfortabelt, fortel Kenneth. Han
understrekar at det ikkje vert storfisk på kvar tur. Ikkje kvart år
heller, så det ligg mange timar fisking bak ein slik kjempefisk. Men han
får mykje fin fisk på eit halvt til to kilo, og han hevdar det er mykje
fin fisk å få i vatnet.
Første turen
–
Sist laurdag tok eg første turen i år, og den første fisken som beit på
sluken, var sjølvaste rekordauren. Heldigvis hadde eg nett sett på nytt,
supersterkt power-snøre, som skal tole 13 kg, så eg rekna med det skulle
halde. Men ein veit aldri kor solid kroka fisken er, og han drog skikkeleg
kraftig, så eg torde ikkje køyre han for hardt. Eg nærmast rygga inn
fisken med båten for å spare på snøret. Det er ikkje lang tid ein slik
rugg brukar på å slure ut 100 m snøre, og eg likar ikkje at det minkar
for mykje på snella. Eg har slite på fisk før fordi snella ha gått
tom, og det vil eg helst ikkje oppleve fleire gonger, ler Kenneth, som
trur han heldt på i ein halv time før fisken låg trygt i båten.
”Kongen”
Han
er veldig glad i å fiske, og tykkjer det er fin avkopling frå jobben.
Det er veldig avslappande å kruse rund på dette flotte vatnet og kvile
auga på det vakre landskapet rundt. Han har teke eit par ruggar på fire
kilo tidlegare, og likte å titulere seg som ”fiskekongen av
Storefjorden”.
–
Det irriterte meg grenselaust då ein gutfant på Solheim drog på land
ein på 4,5 kg og detroniserte ”kongen”. Seinare fekk ein kompis frå
Florø opp ein på 5,5 kg. Han var kry som ein hane, og har mobba meg
grundig heile tida sidan. Men han vart still då eg ringde han og fortalde
at eg hadde teke heim att rekorden og tittelen, humrar den nøgde
sportsfiskaren.
|