JAKTPROSJEKT:

Tilboda på Hyen skule er mange. Tidleg på hausten 1999, fekk elevane i tiande klasse lov til å vere med på hjortejakt. Naturfaglæraren deira, ein ivrig jeger tok dei med til sitt jaktlag for å vise dei korleis skikkeleg jakt gjekk føre seg.

Nokre av elevane hadde nyleg teke jegerprøva, og stillte opp som allvitande jegerar (utan gevær). Dei vart først plassert på post saman med ein vaksen, ventetida vart lenge, men dei heldt ut med sjokolade og varm kakao.

Etter ei stund begynte det å sprake i walkie talkiane, ein kunne høyre at jagarane var komne nærare. Spenninga steig litt, men det vart ingen fangst. Hjortar hadde der vore, men aldri så nær at ein kunne skyte.

Så vart det ein liten pause før det andre jaget tok til. Elevane fekkseg litt mat, og så var dei klare igjen. Denne gongen gjekk dei samla med litt mellomrom slik at dei kunne sjå kvarandre.

Men også dette jaget enda utan hjort. Elevane måtte vende heim utan å ha skote hjort, men kanskje med litt meir kunnskap om jakt.

Attende til Hyen Skule >>>