|
Infomøte om Ålfotbreen landskapsvernområde
i Hyen 23.01.02
Med bakgrunn
i St.meld. nr. 62 (1991-92) Ny landsplan for nasjonalparker og andre
større verneområder i
Norge
, har Miljøverndepartementet
pålagt Fylkesmannen i Sogn og Fjordane å utarbeide framlegg til vern etter
Naturvernlova for eit område ved Ålfotbreen. Aktuell verneform er
landskapsvernområde.
Området ligg
i kommunane Gloppen, Flora og Bremanger, med omlag følgjande avgrensing: Frå
Hyefjorden i aust til og med Gjegnalundsbreen (Blånibba) i vest og Skjerdingane
i nord. Mot sør strekkjer området seg frå Skordalen via Straumsbotnen og
Lassenipa til Trollebotsnipa, derfrå vest og nord om Ålfotbreen, mot Gråfjellet
og nord til Blånibba. Dette er ei førebels avgrensing av det aktuelle
landskapsvernområdet, med eit areal på omlag 150 km2.
Grunneigarar
og andre interesserte var samla til informasjonsmøte på Hyen Skule onsdag 23.
jan. 02.

Det aktuelle landskapsvernområdet omfattar 150 kvadratkilometer rundt Ålfot-
og Gjegnalundsbreen.
Frå Fykesmannen møtte fylkesmiljøvernsjef Nils Erling Yndesdal.
Han orienterte om bakgrunnen for at planarbeidet no er sett i gong og om gangen
i - og tidsplan for arbeidet framover. Han rekna med at planen skal vere klar
for lokal høyring til hausten 92. Planleggarane oppmodar iteresserte til å
kome med innspel og synspunkt skriftleg innan 15. mars.
Føremålet med vernet er å ta vare på særprega naturområde rundt den
vestlegaste, mest kystpåverka breen i Noreg. Området ligg nær opp til
nedbørsmaksimum. Ein negativ faktor i høve til verneverdien, er at det meste
av det som finst av vasskraftressursar alt er utbygt. Øvre del av
Skordalselva og X- og Y-vatna er førde over til Åskoravassdraget. Stort
sett berre Svartvatnet ved Skjærdalen og Kaldevatnet ved Skilbreida ligg
urøyvde. Det skal naturlegvis helst ikkje vere tyngre tekniske inngrep i eit
verneområde.

Fylkesmiljøvernsjef Nils Erling Yndesdal greier ut bakgrunnen for planarbeidet.
Prosjektleiar Tore Larsen Gav ei meir dtaljert orientering om
kva som ligg i nemninga landskapsvern, og kva område som no er aktuelt for
vern. Det kan bli både større og mindre enn det som førebels er skissert. I
tillegg til statsalmenningen, som stort sett er dekt med bre, vil det gå med
store areal på sør- og austsida av breane. Dei mest følsomme områda i høve
til interressekonfliktar er nok Skjærdalen, Skordalen, Straumsbotnen og
Grøndalen. Han gjorde greie for kva som som er lov å gjere, kva son kan
søkjast særskilt om og kva som absolutt ikkje kan gjerast av bruk og
inngrep i veneområdet. Stort sett kan jakt, fiske og jordbruk drivast som før,
men det kan ikkje gjerast inngrep som vesentleg endrar ladskapet sin karakter.
Skogsdrift kan berre skje til eige bruk, og det kan ikkje gjerast skogkultur som
omfattar treslagsskifte. Vegbygging og hyttebygging i noko omfang er tabu.

Prosjektleiar Tore Larsen viser den førebelse avgrensinga av verneområdet.
Torleiv Straume (i raud gensar) og Jens Skjerdal (med bart) er
mellom dei grunneigarane som vert hardast råka ved eit evt. vern. Dei gav
uttrykk for stor uro og frustrasjon over at slike inngrep i råderetten over
eigne område kan bli tredd ned over hovudet deira nær sagt utan vidare.

Dei to representantane for Fylkesmannen understreka at dei var
svært interesserte i å få innspel og synspunkt til planarbeidet, og dei
noterte flittig spørsmål og og kommentarar frå forsamlinga.
Det skal utnemnast ei referansegruppe for planarbeidet. Truleg ver dei tre mest
råka grunneigarane med, ein frå Sogn og Fjordane Energiverk, ein frå turlaget
og sjølvsagt ein representant frå kvar av dei aktuelle kommunane Gloppen,
Flora og Bremanger.

Representantane frå Fylkesmannen inviterte til å kome med innspel til
planarbeidet.
Fjellmassiva rundt Gjegnalundsbreen er aktuelle for vern. Her
utsikt frå lysløypa på Høgdene mot Heifjellet. Gråfjellet i bakgrunnen,
bada i vintersol, ligg innanfor den førebelse vernegrensa.

Alle foto: Magnar Heimset
-mheim- |