Reisebrev frå Aten, IMO 09. - 18. juli 2004
Framhald

 
Tysdag var andre konkurransedag, og her tykte eg oppgåvene var verre. Eg skrapa til meg to poeng også her. Dermed enda eg opp med 6 poeng av 42 mulige, og det heldt til 375. plass av ca. 500 deltakande. Eit resultat eg var godt fornøgd med, då eg ikkje hadde så enormt store forventningar. Heile det norske laget enda opp med til saman 55 poeng, og det heldt til ein 59. plass av rundt 90 deltakande nasjonar. Egentleg eit ganske godt resultat, til nordmenn å vere. Noreg er ingen stor mattenasjon, så vi gjorde det omtrent slik som tidlegare nordmenn har gjort før oss.

 
Det naturlege spørsmålet er då kva vi gjorde på i resten av desse 8 dagane i Hellas? Jo, arrangørane hadde lagt opp til at vi skulle få sjå dei mest populære turistattraksjonane i landet. Vi vitja Akropolis, og i tillegg fleire andre stader som tydelegvis var av interesse. Vi fekk altså anledning til å vere turistar, og å sjå på Akropolis var til tider interessant. Men som regel spora vi heilt av frå dit guiden gjekk og tok oss heller tid til å sjonglere eller spele litt kort.

 
Kortspel var nemleg svært populært på IMO. Når vi ikkje førebudde oss til konkurransen, sat vi nede i lobbyen på hotellet og spelte kortspel. ”SET”, ”meldepoker”, ”bohnanza”, ”mafia”, ”baumeister”, det  gjekk i mykje forskjellig, og vi spelte mest i lag med deltakarane frå Østerrike, Finland og Litauen. Vi fekk tida til å gå, det er heilt sikkert! Etter kvart som opphaldet nærma seg slutten, vart det mindre og mindre søvn.. såpass at eg sovna momentant overalt på flyplassen ved avreise.. sovna til og med på blanke golvet, så trøtt var eg. Men det var verdt det!

 
Her heile laget som var med til Aten. Frå v.: Anders Høyer Berg (Leiar), Matias Holte (Vågsbygd vgs., 11 pg.), Henrik Sigstad (Lillehammer vgs., 12 pg.), Paul Kjetel Soldal Lillemoen (Øystese gymnas, 15 pg.), Nina Holden (Berg vgs., 7 pg.), Anders Klungre (Firda vgs., 6 pg.), Robin Bjørnetun Jacobsen (Thor Heyerdahl vgs., 4 pg.). Vi vart etter kvart ein skikkelig samansveisa gjeng som ikkje hadde problem med å halde humøret oppe. Og vi hadde to skikkeleg flotte veker i Aten.

I det heile tatt var det ein stor opplevelse å få delta i IMO, dette var to veker eg ikkje kjem til å gløyme. Resultatmessig var det kanskje ikkje nokon stor opptur, men eg er glad for at eg i det heile tatt fekk anledning til å vere med på noko slikt, og at eg klarte å slite til meg nokre norske poeng.

Bilda er det Matias som har tatt, og han har lagt ut mange fleire bilder på http://www.aloofhosting.com/matias/story/index.html.

Anders Klungre