Reisebrev frå Aten, IMO 09. - 18. juli 2004

Etter ein noko overraskande 3. plass i Abelkonkurransen, vart eg direkte kvalifisert til IMO, den internasjonale matematikkolympiaden, som skulle gå føre seg i Aten midt på sommaren. Det var svært gledeleg, og eg følte det som ei stor ære å få representere Noreg i denne tevlinga. Dette året var siste sjansen min til å bli med i IMO, og når eg fekk bli med der, vart det sannsynlegvis den siste matematikk-konkurransen eg kom til å delta i. Eg såg derfor med stor forventning fram mot Juli på kalendaren.

 
Det heile starta i Oslo. Måndag til torsdag i veke 28 var det treningssamling i eit rom i Nils Henrik Abels hus, UiO. Der fekk vi undervisning om forskjellige relevante emne og ellers gode tips i forkant av konkurransen. Våre to ledarar, Finn Holme og Anders Høyer Berg, lærte unna litt triks. Det samme gjorde to tidlegare IMO-deltakarar, den eine var David Kunszenti-Kovacs, som deltok i IMO heile seks gonger. Her skal David akkurat til å kaste bowlingkula ein kveld vi var ute på bowling.

 
Fredag reiste vi med fly til Aten. Vi landa fredags kvelden, midt i ei hetebølge. Dei første dagane vi var der, kunne gradestokken krype oppimot 40 grader. Det var derfor best å halde seg innandørs og drikke mykje vatn. Temperaturen heldt på å ta knekken på meg, eg vart plaga av verk i hovudet dagen før konkurransen skulle begynne, men det plaga meg heldigvis ikkje nevneverdig dei to dagane konkurransen gjekk føre seg.

 
Vi vart tatt godt vare på i Aten. Alle deltakarane, rundt 500 stk, låg på President Hotel, eit firestjerners hotell som med sine 20 etasjar strekte seg langt over dei fleste bygningane i byen. Maten var god, det meste på hotellet var veldig bra. Vi oppheldt oss der når det ikkje var noko anna på programmet. På toppen var det svømmebasseng..! Flotte greier. Like flott var det ikkje at bassenget slo lekk akkurat når vi var der.. Men vi slapp å få romma våre våte i alle fall. Berre gangen utanfor.

 
Etter åpningsseremoni på søndag var det klart for første konkurransedag på måndag. Vi fekk tre oppgåver på 4 timar. Eg var fornøgd med oppgåvene eg fekk utdelt; ei av dei var geometrioppgåve, og ei var kombinatorikk, mine to favorittemne. Eg hadde gode håp om å klare geometrioppgåva, men mangla eit viktig ledd som gjorde at eg berre fekk 2 poeng av 7 moglege der. På kombinatorikkoppgåva fekk eg også 2 poeng.

  Framhald >