


















| |
Hyen-trenar best i verda?
For tredje året på rad sidan han tok over trenarjobben for
juniorlandslaget i langrenn, har hyaren Morten Aa Djupvik hatt stor suksess med
laget. Dei to siste sesongane er Noreg kåra til beste nasjon i junior-VM, og i
Sollefteå i Svrige fekk han ein flott krystallpokal for innsatsen sin. Der vart
det gull både på 30 km friteknikk og i sprint. Det ser ut til at juniorane
meistrar skøytinga betre i høve til konkurrentane enn det seniorane maktar å
gjere. Det skulle ikkje forundre oss om det har noko med Morten sin
treningsfilosofi å gjere.

Han
har lang og omfattande personleg røynsle i trening på ski frå skøytinga sin
"barndom" der fokus på den nye teknikken var enorm. Eldre løparar,
og ikkje minst trenarar, har nok, bevisst eller ubevisst, friteknikken som
"bierverv" med fokus fyrst og fremst på klassisk.
Morten har og ei grundig teoretisk utdanning innan idrett slik at kunnskapar om
kroppen sin anatomi og fysiologi er på plass saman med kjennskap til kor viktig
mental trening og hygiene er for å oppnå resultat. Vi trur ikkje på
slumpetreff, heller ikkje innan idrett. Visst er dugleiken og talentet hos
den enkelte utøvar viktig, men Egil "Drillo" Olsen gav oss ein
leksjon i kva systematisk, planmessig leiing og motivasjon kan utrette med idrettsutøvarar
på høgt nivå med det arbeidet han gjorde som trenar for fotballandslaget.
Morten er mogen for større oppgåver, og vi ser med spenning fram mot at han
tek steget opp mellom dei "gamle" og sikkert meir sjølvrådige
individualistane. Då vil det vise seg om hans praktiske og teoretiske bakgrunn
og personlege sosiale intelligens og karisma er nok til å skaffe han den
autoritet som trengs for å hamle opp med kobbelet av stabeisar og
forståsegpåarar mellom utøvarar, støtteapparat og sponsorar.

Dette biletet får oss til å tenkje på Jakob Sande sitt dikt
om Vesle Daniel som skal ut i verda. Men det er korkje Knute-Sivert, yngste bror
hans, eller far hans, gamle Dave Myra som står og ser på medan Morten pakkar
"ferdakista". Derimot er det broren Roger og faren Kurt. Foto: Firda
- mheim -
|