- Gigantlinja kan skiple planar For Hyen Natur og Friluft


I disig ver som i dag, vil inntrykket av 420kV-kraftlina bli dempa, men i bra ver blir ho eit svært dominerande
element tvers over vatnet i utsikta frå Skilbreivatnet Hyttegrend, seier Ola Jan Birkeland i Hyen Natur og Friluft.

– For oss kan den gigantiske 420kV kraftlinja langs alternativ 2 bli den store stygge ulven som bles overende det vi prøvar å byggje opp her i bygda, seier Ola Jan Birkeland i Hyen Natur og Friluft.

F.T.: Magnar Heimset

Ola Jan Birkeland og kona Solveig Hope er i ferd med å byggje seg opp ein leveveg basert på tilbod om natur- og friluftsopplevingar innan turisme og reiseliv. Som ein lekk i dette arbeidet har dei starta utbygginga av Skilbreivatnet Hyttegrend der dei tilbyr utleigehytter i eit fantastisk variert og fint naturområde. Den enorme kraftlinja, som Statnett planlegg å byggje mellom Fardal og Ørskog, kan kome langs vestsida av Skilbreivatnet og bli eit frykteleg skjemmande blikkfang midt i panoramautsikta frå hytteområdet.

Slutt på tradisjonell gardsdrift
Solveig og Ola Jan har gard på Bakken i Hope. Dei har avvikla den tradisjonelle gardsdrifta og har inngått eit kvoteleige/samdrift samarbeid med eit nabobruk. Dei eig mellom anna store område i Sprengkleivlia ved Skilbreivatnet der dei no vil satse på utleigehytter.

  – Vi må nok til med ein privat reguleingsplan for området, men startar i det små med eit par hytter i tillegg til det vi har før av støylshus, hytter og hus i området. Den første hytta, ei betestove bygd etter gammal Vestlands-tradisjon, kjem på plass om få dagar. Hytta har synlege betar og ljøre i taket, og materialane er delvis hogne i eigen skog. Hytte nr. 2 vil og bli bygt med det første, men vi vil føle oss litt fram i høve til marknad og økonomi, fortel Ola Jan. Han er innstilt på å satse, men vil ha økonomien med seg i det han gjer.


Ola Jan Birkeland i Hyen Natur og Friluft prøvar å skape ein næringsveg m.a. av utleigehytter ved Skilbreivatnet.

Fått god støtte
– Vi har fått god støtte og stimulans frå Bygdeutviklingsfondet og Innovasjon Noreg. Det har hjelpt oss til å tru på konseptet og til å våge å satse. Eg har gått etablerarkurs og har m.a. fått innblikk i kva som rører seg innan reiseliv og turisme, seier Ola Jan. Han har tidlegare starta Hyen Natur og Friluft, eit føretak som tilbyr tilrettelegging av naturopplevingar i Hyen. Han har bygt opp ein godt utstyrt friluftsleir på Byrkjeneset ved Storevatnet i Gjengedalsmarka, og satsar på utleige av støylshus/hytte på Hopsstøylen. Der har han og gjort inne eit område langs gamlevegen mellom støylen og elva for telting og andre friluftsaktivitetar der folk kan nyte friluftslivet i ro og fred utan å bli forstyrra av store beitedyr som det er mange av i området sommarstid.

  – Det er ein del av heilskapen og miljøet rund tilboda våre. Eg har kalla innhegninga Breistøylen Friluftsområde, og det kan naturlegvis nyttast av kven som vil. Det er beitedyra eg vil halde ute med gjerdet, understrekar Ola Jan.


Vinterstid kan utsikta frå Skilbreivatnet Hyttegrend sjå slik ut. Kraftlinetraseen forbi vatnet er teikna inn med svart.

Ser mørkt på kraftlinja
Men nyetablerarane ser mørkt på å få den store ”motorvegen” av ei kraftlinje gjennom det unike og idylliske landskapet ved Skilbreivatnet. Statnett har utarbeidd to alternativ forbi vatnet, og begge vil bli svært godt synlege i den elles nesten urøyvde naturen.

  – For oss er den nye linja den store stygge ulven som kan blåse ned det vi prøvar å byggje opp her. Det er nettopp naturopplevinga, stilla og roa og den fabelaktige utsikta frå hyttegrenda som skal vere varemerket for dette tilbodet. Området er eit glimrande utgangspunkt for fotturar til Gjegnalundsbreen og Ålfotbreen, vatnet er eit godt fiskevatn, og det er kort veg nedover til sjøen og sørover til Storefjorden. Om vinteren har vi gangavstand til lysløypa på Fullskjegga, så tilboda er mange og varierte. Tiltaket kjem til å få positive ringverknader for annan næringsverksemd som t.d. butikk. Jakt- og fiskeutleige er og eit potensiale for dei som ynskjer å satse på det, poengterer Ola Jan.

Både inn- og utland
Hyen Natur og Friluft siktar seg inn mot turistar både frå inn- og utland. Føretaket er medlem både i Euroturisme og i Norsk Bygdeturisme og Gardsmat. Dei registrerer interesse frå England, Tyskland og Frakrike, og har hatt langvegsfarande gjester som ber pent om å få kome igjen.

Pris ikkje avgjerande
– Vi vil ikkje prøve å få kraftlinja over på naboar, men omsynet til pris må ikkje bli avgjerande for kva trase som blir valt. Som eit appropos kan det vere freistande å nemne at NATO hadde utanriksministermøte i Oslo nyleg. Då vart det brukt 50-60 mill. kroner m.a. på tryggleikstiltak for eit par dagars arrangement. Møtet vart visst ikkje så vellukka heller, har eg forstått. Kraftlinja langs alternativ 1 skal visstnok bli 100 mill. kroner dyrare enn alt. 2. Denne linja er eit gigantisk naturinngrep som vi skal leve med i alle år. Det tykkjer eg set ting litt i perspektiv, seier Ola Jan Birkeland i Hyen Natur og Friluft.


Tomta til den første av dei nye utleigehyttene i Skilbreivatnet Hyttegrend er klar.