|
Generasjonsskifte i Hyen
brannkorps

Brannsjefen i Gloppen, Einar Holmøy,
takka dei avtroppande mannskapa for lang og oppofrande innsats, og
han delte ut Gullhjelmen og ein blomsterbukett til kvar av di fem
veteranane på tilstellinga på Vågen Motell førre veke.
Frå v.: Anders Aa, Anders Osmundnes, Peder Holme, Einar Holmøy,
Anton Aa og Tor Larsen.
Det har vore stor utskifting av mannskap i
brannkorpset i Hyen i det siste. Fem av dei ti brannmannskapa
takkar av og vert erstatta med nye, og korpset får ny
brannmeister. Dette vart markert med ei tilstelling på Vågen
Motell torsdag 07. februar 2008.
F.T.: Magnar Heimset
Det har føregått eit generasjonsskifte i
brannkorpset i Hyen ei tid no. Heile fem av veteranane, som vart
rekrutterte på 60- og 70-talet, går av etter lang og tru teneste
og vert erstatta med nye. Brannmeisteren gjennom over 40 år,
Peder Holme, har fylt 70 år og takkar av, og ny brannmeister vert
nøyaktig halvparten så gamle Arne Kåre Rønnekleiv Holme.
Utskiftingane har gått over litt tid, men i førre veke var det
ei felles markering med ei samkome på Vågen Motell der dei
avtroppande mannskapa vart heidra med utdeling av Gullhjelmen og
blomsteroverrekking.
Deltidsarbeid
Brannvesenet i Gloppen er organisert som deltidsbrannvesen og
blir administrert av teknisk sjef som også er brannsjef. Det er
brannstasjonar i Hyen, på Byrkjelo og på Sandane. På Byrkjelo
er det tolv brannmannskap og to brannbilar, i Hyen er det ti
brannmannskap, ein brannbil og ein bergingsbil, og på Sandane er
det 20 brannmannskap, to brannbilar, ein bergingsbil og ein
tankbil.
Brannmeister i 40 år
Peder Holme har vore brannmeister i Hyen i over 40 år. Han
har hatt sitt daglege virke i Holme Bilverkstad like lenge, sidan
verkstaden vart bygd i 1963. Han overtok etter far sin, Nils
”Smeden” Holme, som var ein institusjon i bygda som
maskinkyndig smed og drosjeeigar i ein mannsalder. No får Peder
velfortent avløysing av yngre krefter, og 35 år gamle Arne Rønnekleiv
Holme overtek som brannmeister og sjef for dei ti brannmannskapa.
|
Ei stor utfordring
– Eg ser dette som ei stor utfordring og ei
spennande oppgåve. Det kjennest litt rart å gå på
som sjef sidan
eg ikkje har vore med i korpset før. Eg laut ha litt
omrømingstid før eg sa ja då branningeniør i
kommunen, Arne Mykland, spurde meg. Eg har stor trong
for kursing, og skal på røykdykkarkurs i Florø i løpet
av våren. Alle i korpset skal ha meir kursing. Elles
har vi faste øvingar den første tysdagen i åtte av årets
månader, fortel den nybakte brannmeisteren.
Holme bur sentralt i Hyen og trur det er ei
medverkande årsak til at han vart spurd. Han er utdanna
røyrleggar og er arbeidsformann og ansvarleg for røyravdelinga
ved Br. Aa i Hyen. Han er klar over at han kan støyte på
litt av kvart av utfordringar i jobben som brannmeister,
men set si lit til at mange av dei ni andre i korpset
har lang røynsle. Brannbilen i Hyen har passert 30 år
og er moden for utskifting. Holme fortel at dei er lova
”ny” bil i 2009. Då skal ein av bilane på Sandane
skiftast ut, og Hyen får overta ein derifrå.
|

Påtroppande brannmeister i Hyen, Arne Rønnekleiv
Holme, er utdanna røyrleggar og er arbeidsformann og
ansvarleg for røyravdelinga ved Br. Aa i Hyen. Her
koplar han slangar i maskinrommet på ein av dei nye båtane.
|
Ingen damer
– Det er ingen damer mellom mannskapa dine, har du som ny
brannmeister tenkt å gjere noko med det?
– Det er vel på
tide å få damene med også på dette feltet. Eg fryktar at her
ikkje er så mange som vil og kan, men vi ser gjerne at det kjem
damer med. Det er vel ei sak for branningeniøren i kommunen, Arne
Mykland, å arbeide med. Det er han som har ansvar for
rekruttering, meinar Holme.
Gullhjelmen
På tilstellinga på Vågen Motell var alle frammøtte, både
nye og eldre av brannmannskapet. Frå kommunen møtte brannsjef
Einar Holmøy, varabrannsjef Runar Kleppe og branningeniør Arne
Mykland. Holmøy takka dei avtroppande mannskapa for lang og
oppofrande innsats, og han delte ut Gullhjelmen og ein
blomsterbukett til kvar av di fem veteranane. Etterpå vart det
servert snittar, kake og kaffi.
|