|
Hyen
barnehage feirar 25 år

Solveig Hope har stort sett
vore styrar i Hyen barnehage heilt frå starten i 1986 til han vart
slegen saman med skulen med felles styrar. Her er ho i
Samfunnshuskjellaren saman med nokre av ungane i 2005. Borna er Ørjan
Rygg (på fanget), Solveig Vonheim Heimsæter, Malene Holme og Synnøve
Elisa Rønnekleiv.
I år rundar Hyen barnehage 25
år. Det har dei tenkt å markere med ei tilstelling i den nye
barnehagen tysdag ettermiddag.
– Vi held ope hus, og då er alle hjarteleg velkomne til
å sjå seg om og til eit par hyggjelege timar, seier pedagogisk leiar,
Solveig Hope.
Hyen barnehage inviterer til
25-års jubileum i den nye barnehagen tysdag etter middag. Då held dei
ope hus og vil vise lysbilete og orientere frå barnehagen si soge. Det
vert òg matservering som vil gå føre seg ute om vêret tillet det.
Den andre i kommunen
Hyen fekk sin eigen barnehage
i 1986. Det var då den andre barnehagen som vart oppretta i Gloppen
kommune. Opptakten var at bygda hadde barn med spesielle behov som
gjorde barnehage særleg aktuelt.
– Vi fekk leige kjellaren i Hyen samfunnshus og starta opp der
med korttidsbarnehage tre dagar i veka. Barnehagen vart i starten
godkjent for 16 born, seinare vart det 18 i ei gruppe. Men barnetalet
varierte ein del frå år til år. Stort sett hadde vi mellom 14 og 18
born dei første åra, seier Solveig Hope. Ho har stort sett vore med
heile tida, bortsett frå nokre permisjonar. Ho var først styrar i 14
år, seinare har ho vore pedagogisk leiar. I ein periode med få born
vart barnehagen ei avdeling av skulen og med rektor som styrar.
Nært samarbeid
– Vi har hatt fordelen av nærleik
til skulen og har hatt eit greitt samarbeid med dei. Tidleg på
90–talet vart det oppretta ei førskulegruppe som brukte lokala dei
ledige dagane. I 2005 vart opningstida i barnehagen auka til
heildagsbarnehage tre dagar for veka, året etter til fire dagar i veka.
I februar 2008 vart det opna ei småbarnsgruppe i lokala i Gymbygget som
før vart brukt til legekontor, opplyser Hope.
Ny barnehage
I den seinare tid har
barnetalet i bygda, og dermed etterspørselen etter barnehageplassar,
auka. Lokalitetane i Samfunnshuset og Gymbygget var ikkje særleg godt
eigna, og kunne slett ikkje romme så mange born. Det vart difor arbeidd
hardt i fleire år for å få bygt ny barnehage.

I fjor vår kunne
omsider ein ny, fin barnehage takast i bruk med høgtidleg overlevering
i mai. No er det 27 born i barnehagen med smått og stort, og personalet
er stolte over å kunne invitere til jubileum i dei flotte lokala.
|