|
Aktivitetar på skyteban sesongen 2003 >>>
Årsmelding Hyen Skyttarlag 2001. Styret i Hyen Skyttarlag har vore samansett slik: Leiar: Peder Holme Revisorar: Magne Osmundnes og Jakob Rønnekleiv Sponsoransvarleg: Magne Osmundnes Miniatyrgruppa: Oddvin Holme Kontakt for Ungdomsutvalet: Ole Arild Aa Medlemer til representantskapet til Hyen Samfunnshus L/L: Styremøte: Styret har hatt 3 stytemøte. I tillegg har styremedlemane hatt kontakt etter skyteøvingar og på telefon. Deltaking på møte: Peder Holme var utsending til ombudsmøte 1. desember på Nordfjord Hotell
Nordfjordeid . Tillitsverv i samlaget: Anders Aa styremedlem i samlaget Innandørsskyting: Hyen Skyttarlag har treningsskyting med luftgevær i Samfunnshuset kvar
fredag frå jan.til mai. Også i miniatyr har Ole Arild Aa oppnådd beste resultata. Bestenoteringa var 247p. Han vart nr. 2 på samlagsstemnet. Peder Holme vann kl. V55 på Samlagsstemnet og Dag Tore Mjellem klasse junior. Banesesongen: Det er treningskveldar på bana for rekrutt og junior tysdagskveldane frå kl. 19.00, og for kl.1 - 5 onsdagskveldane. Hyen Jeger og Fiskarlag har hatt treningsskyting på bana kvar torsdag juni og ut august. Heimevernet brukar bana til merkeskyting. Hyen Skyttarlag har hatt ein god sesong år 2001. Skyttarar frå Hyen har delteke på 35 banestemne i og utanfor samlaget. I tillegg kjem Cupskytingar og pokalkampar. Hyen vann og pokalkampen mellom Hyen, Haugen og Nordbygda. Det var og med 3 firemanslag i Nordfjordcupen . Fyrstelaget til Hyen vann Nordfjordcupen. På laget var Anders Aa, Bertel Oddne Mjellem, Nils Holme og Ole Arild Aa. Resultat: Også i år har vi fått ny lagsrekord . Nils Holme skaut gode
349p.i Gaular. Ole Arild Aa har vore den mest stabile skyttaren med mange gode reslutat med 347p. som bestenotering. Han vann if-cupen suverent med oppnådde resultat 342 + 98 = 440p. Toyota Cupen Kl. 2 - 5 vart han nr. 2. med 342p. Han har vore med på vinnarlaga i cup- og lagskytingane.Han var og med på laget til Nordfjord Skyttarsamlag både på Landsdelskretsstemnet og Landsskyttarstemnet. Han fekk 4.stjerna på Landsskyttarstemnet 338p. Bertel Oddne Mjellem har og hatt ein jamn og god sesong. Han var stemnevinnar både i Stroka og Oppedal med bestereslutat på 344p. Han har vore med på vinnarlaga i Cup skytingane og lagskytingane. Klasse V55: Peder Holme har vunne mange stemnesigrar med gode resultat. Han vann Landsdelskretsstemnet og Samlagsstemnet og på Landsskyttarstemnet vart han nr. 5 og fekk medalje.Vann og finalen i Toyota Cup med 338p. Junioren Dag Tore Mjellem vart nr. 2 med 341 i finale i Toyota Cup. 3.klassingen Andreas Røyrvik har sett ny pers i år med 240 - 338p.
Hyen Skyttarlag dominerte sterkt under samlagstemnet i Stryn 18. og 19.
august. Landsskyttarstemnet 2001: Landsskyttarstemnet var i Bodø 27.07 - 04.08. Frå Hyen Skyttarlag deltok 10
skyttarar. Hyen Skyttarlag har arrangert: Hyestemnet 16-17.06 med 105 deltakarar, heradstemne, 3cupskytingar,
lagsmeisterskap og jaktsti for jaktgevær med 35 deltakarar. Jaktprøve for
storviltjakt med ca. 100 jegerar. Skytebane: HyenSkyttarlag har sendt søknad on tippemidlar til rehabelitering av skytebana. Vi har fått byggeløyve og har planert tomten til skytehuset og standplassen no i haust. Sponsor,gåve og kulturmidlar: Kulturmidlar
kr. 2500,- Medlemstal: 171. Styret takkar for eit godt samarbeid i 2001 og håpar på ein godt og aktiv år i 2002. Peder Holme |