Grunnskuleveka 2002 >>>               Prosjektoppgåver som skulen treng hjelp til >>>
Prosjekt Ishockeykøller 2002 >>>   Grunnskuleveka 2000 >>>   Jaktprosjekt 1999 >>>

Skulen vår

I sommar har skulen fått nytt mønetak, det gamle var flatt, svart og lekk. Det vestvendte fasadepanelet er skifta ut saman med vindauga og fargen er endra frå brunsvart til lys grå.


Skulen før nytt tak og ansiktsløftning

 I år, skuleåret 2002/2003 går det 65 elevar her, 35 jenter og 30 gutar. Av desse kjem heile 58 til skulen med buss frå Vestredalen, Austredalen og Osmundnes/Holme. Den største klassa, og den eldste, er 10. klasse med 10 elevar, medan dei to minste, 1. og 2., er berre på tre elevar kvar. Når elevtalet er lågt, må klasser slåast ihop. 1. klasse må gå ilag med 2. og 3. klasse, 4. og 5. går ilag og det same gjer 6. og 7. klasse og 8. og 9. klasse. Berre avgangsklassa, 10., får stort sett gå åleine.

Skulen er ein kombinert skule, med 22 elevar på ungdomstrinnet. Til å halde styr på denne gjengen har skulen ti lærarar, to assistentar, ein vaktmeister og to vaskeassistentar.

Kor ligg Skulen

I Sogn og Fjordane, i sørvestlege delen av Gloppen, i den vesle bygda Hyen, ligg Hyen kombinerte skule. Midt i bygda ligg Straumsholmen og midt på Straumsholmen ligg skulen. Tre skulebussar bringar elevar til skulen kvar dag klokka 9 og heim att klokka 15. Dei elevane som køyrer lengst, brukar over ein halv time på turen, men den tida kan kome godt med til den siste finpussen av leksene før skulen.

Når vart skulen bygd

Hovudbygget på skulen var ferdig i 1968. Gymbygget var ferdig i 1975. Då hadde Hyen fått ein skule med bibliotek, basseng, gymsal , klasserom og spesialrom som kjøkken, sløydsal og naturfagrom. I 1975 var dette ein svært flott skule. No, 27 år etter har vi endeleg fått pussa opp skulebygget utvendig.

Skulekorpset

Hyen har eige skulekorps. Det består av messinginstrument og slagverk. Korpset har øving i skuletida fordi mange av korpsmedlemane bur så langt borte at dei må ha skyss til og frå. 

Opne klasserom i friminutta

Hyen skule er ein ganske liten skule . Han ligg på Vestlandet, og her er det nokså mykje dårleg ver. Derfor har vi lov til å vere på klasseromma i friminutta. Skulen har fått nokre gamle sofaer. Dei er fordelte på dei ulike klasseromma.

Vi elevane har laga kontrakt med lærarane. Det vil seie at vi blant anna ikkje har lov til å rable på tavla, og at skåp , skuffer og andres ting må få vere i fred. Det er altså bygd på tillit mellom elevane og lærarane.

I friminutta spelar vi som regel fotball. Men når det er stygt ver er vi inne, høyrer på musikk og spelar kort.