Aktivitetar i laget gjennom året 2003:
Delikatessar få havet, kosekveld  på Columbus 26.04.03.

Aktivitetar i laget gjennom året 2002:
Ungdomstur med teltovernatting på Hopsstøylen 31.05. - 02.06 >>>
Blodsporprøve på Fullskjegga, Høgdene 26.05.02 >>>
Grillkveld ved Langevatnet 05.07.02 >>>
Laget aktivt med på Friluftshelga 26. - 28. juli >>>
Isfiske- og rypejakttur til Rombergdalen 14. - 15. desember >>>
Nytt frå laget >>>

Om Hyen jfl.:

     Styre:
Leiar:        Torger Eimhjellen
Nestleiar:  Geir Kjetil Aa
Kasserar:  Arild Straume
Sekretær:  Jens Robert Hope
Styremedl: Åsmund Ommedal
Styremedl: Jan Harald Pedersen
     Friluftshelgutval:
Leiar:      Ottar Hope
Medlem: Ottar Arne Aa
Medlem: Benedikte Aa

     Valnemnd 2007:
Leiar:      Egil Holme
Medlem: Magne Osmundnes
Medlem: Jon Vidar Storsletten


Medlemar som kosar seg med grilling innimellom arbeidet med rigging av villmarksleir til
Friluftshelga 2000 på Fullskjeggekvia.     Foto: Torger Eimhjellen

Hyen jakt og fiskelag er eit lite, men aktivt lokallag tilslutta Norges Jeger og Fiskerforbund. Tilstellingane som laget har er populære, og medlemsveksten i laget er god. Medlemstalet nermar seg 60, og ein ynskjer fleire velkomne. Laget arbeider med å kunne tilby fleire ulike medlemsfordelar.

Som medlem har du tilgang på gode medlemsfordelar, bla:

Forsikringsrabatt hjå if… (gj.snitt medl sparer årleg 1000,- til 2000,-!!!)
Drivstoffrabatt hjå Statoil
God jakthundforsikring
Gratis advokatbistand inntil ein halv time
Rimelege teletenester
Bladet Jakt og Fiske (11 utg. i året)
Medl. opp til 15 år er automatisk medl. av Fiskeklubben (gratis medl. pakke, blad, mm)
Kurs, mm

Arbeidsprogram for 2007

Villmarkskveld ved Morten Brekke  (våren)
Jegerprøvekurs  (våren)
Flugebindingskveld  (vår eller vinter)
Revejaktkurs  (vinter)
Fiskeklubbaktivitet
”Opptur” jentesatsing  (skytedag m.m. 2. oktober på skytebana)
Friluftshelg i Hyen  (20-22 juli)
Rifle-/hagleskyting på skytebana  (april-jaktstart i sept)

Ved spørsmål angåande aktivitetar i laget ring leiar eller nestleiar
hhv: 99 21 37 72  /  91 86 93 55

 

ARBEIDSPLAN FOR 2002

Jegerprøvekurs (13 deltakarar, halde i mars/april, dei fleste har alt greidd eksamen)

Villmarkskveld (1.gong prøvd 16. marsà avlyst pga.stengde vegar,)

Men vi prøver att! 19. april kjem Stein P. Aasheim til Hyen!     Reportasje frå villmarkskvelden her.

Blodsporprøve 26.mai på Høgdene (terminfesta opa prøve. Påmelding til Eilev Otto Rønnekleiv Tlf 578 69  011)

Grillkveld ved Langevatnet(Rønnekleiv) fredag 05. juli etter fjøstid (20.00). Ta med heile familien til: Natursti, fiskekonkurranse med premiering, hesteskokast konkurranse, pilkast og sjølvsagt grilling.
Du får kjøpt grillmat og brus, men kan gjerne grille eigen grillmat om du ynskjer det.
Bomvegen kostar 20 kr. pr. bil, men til gjengjeld er det fritt fiske i Langevatnet. Myggmiddel er lurt å ha med seg. Vi ynskjer store og små velkomne til grillkveld!

Jakt/treningsskyting på Aa-bakkane (trening gjennom sommar/haust, og avsluttande skyteprøve for storvilt)

GRATIS!! fiskestangutdeling til klasser på Hyen skule (meir info. kjem)

Friluftshelga i Hyen (26.-28. juli)

Ungdomsturar m/overnatting (skyting, fisking, jakting)

Snekring av kråkebur (pluss røkting av to sjølvsnekra revebåsar)

rimeleg laksefiske i Jølet for medlemar

dette og meir til vil du kunne vere med å lage til og delta på i Hyen jakt og fiskelag

So heilt til slutt:

Er du opptatt av jakt, fiske og friluftsliv, og likar å utveksle erfaringar frå felles interesse, er du hjarteleg velkomen som medlem i Hyen jakt og fiskelag.

Vi ynskjer å vere "passeleg" aktiv, og ha sosiale samkomer i "ny og ne" Kontakt ein i styret, so hjelper han deg.

Vi vil prøve å halde sida oppdatert etterkvart som noko nytt dukkar opp!!


Ungdomstur med teltovernatting til Neretunstøylen ved Langevatnet 2001.    Foto: Torger Eimhjellen