Holme
Bilverkstad brann opp

Betongveggar og tak hindra at einebustaden med garasje under og
strauk med. Foto: Magnar Heimset
Onsdag 27. august 2003 kjem til å vere ein dag Peder Holme (Sme-Peder)
og familien hans kjem til å hugse med gru og vemod. Då tok det nemleg fyr i
ein bil Peder heldt på å reparere, og verkstaden vart totalskada av brann.
Heile livsverket hans gjekk bokstaveleg tala opp i røyk.
For oss som har levd ei stund, går tankane attende til fyrst
på 60-talet då garasjen til faren, Nils Holme, smed og drosjeeigar, leid same
skjebne.
Denne gongen starta brannen midt på dagen, litt over klokka 13,
medan Peder dreiv og skulle løyse ei eksospotte på ein bil. Potta sat godt
fast, og det er vanleg prosedyre å bruke varme frå ein sveisebrennar for å
få røret til å utvide seg og lettare sleppe taket. Uheldigvis har nok
sveiseflammen kome for nær eit bensinrør av plast slik at det smelta. Bensinen som lak ut tok
naturlegvis fyr, og varmen let seg ikkje stoppe sjølv om Peder hadde to
pulverapparat tilgjengeleg for sløkking.
Han måtte berre gje opp sløkkinga og fekk berga ut
gassflaskene for å unngå eksplosjon. Anna, kona hans kom til for å hjelpe. Ho
prøvde å flytte gassflaskene lenger vekk frå døra. men dei høge og tunge
flaskene tok overbalanse og fall over henne. Ho måtte til sjukehus og fekk
konstatert brest på bekkenbeinet. Elles kom heldigvis ingen til skade i brannen, men verkstaden vart
heilt utbrend. Brannkorpset i Hyen fekk forsterkningar frå Sandane, men varmen
let segg ikkje stogge før det som var i verkstaden var oppbrent.
Så spør det om Peder,som snart er pensjonist, orkar å byggje
oppatt verkstaden og livsverket sitt. I motsett fall vil det vere eit stort tap
også for hyarane som absolutt treng ein slik universalverkstad i bygda.

Det var denne bilen Peder arbeidde med då det tok til å brenne. Ein bil til
gjekk med i brannen.
- mheim -
|