Hjort
2003, lokal styring av felles ressursar
Landets største hjorteseminar vart i år lagt til Fjordane
Folkehøgskule på Nordfjordeid i samband med Vestnorsk Villmarksmesse 29. og
30. mars. Seminaret var eit samarbeid mellom Norsk Hjortesenter, Fylkesmannen i
Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane Skogeigarlag og ditto Bondelag. Temaet var
Hjort 2003 - Lokal styring av felles ressurs, målgruppe aktørar og
interesserte innan lokal og regional hjorteforvaltning med hovudvekt på jaktrettshavarar. Det var påmeldt 113 deltakarar frå Sogn og Fjordane og
Sunnmøre.

Frå venstre: Foredragshaldarane Vebjørn Veiberg, Kåre Nes, Svein Knutsen, Brigt
Samdal, Arve Aarhus og Erling Meisingset. Jon Jordanger og Odd Rønningen var
ikkje til sades ved fotograferinga. Foto: Magnar Heimset
Seminaret tok utgangspunkt i den føregåande omlegginga
der hjorteforvaltninga skal vere basert på bestands- og driftspanar innan år 2006.
Her skal jaktrettshavarane stå for den praktiske forvaltninga innanfor dei mål
og råmer som det offentlege set.
Skal ei slik overføring av ansvar lukkast, må dei nye avgjerdstakarane skaffe
seg naudsynt kunnskap.
Foredragshaldarar frå ulike ståstadar var
engasjert for å gjere seminaret fagleg lærerikt og nyttig:
Jon Jordanger, viltforvaltar Fylkesmannen i Sogn og
Fjordane; "Vegen hit - og vidare?".
Odd Rønningen, miljøvernleiar Stryn; "Kommunane si framtidige
rolle i hjorteforvaltninga".
Svein Knutsen, konsulent Norges Skogeierforbund; "Samarbeid -
nøkkelen til suksess".
Vebjørn Veiberg, avdelingsleiar Norsk Hjortesenter; "Rettshavarar
og jegerar - drivkrefter og bremser", og dag to; "Styrt forvaltning
utan kunnskap - ein bløff?".
Brigt Samdal, viltforvaltningsansvarleg Norsk Hortesenter;
"Bestandsplanar i gode og vonde dagar", og dag to; "Status, mål
og tiltak - bestandsforvaltningas treeining".
Arve Aarhus, prosjektleiar Sogn og Fj. Skogeigarlag/Bondelag;
"Driftsplanar og næringssatsing".
Kåre Nes, Mundheim jaktoppleving BA; "Døme på vellukka
næringsutvikling knytt til hjortejakt".
Erling Meisingset, dagleg leiar Ressurssenteret i Tingvoll; "Jaktas
rolle som bestandsformar".
Kursopplegget var godt eigna til å få tanken og
målsetjinga om planbasert hjorteforvaltning inn under huda på aktuelle
aktørar både lokalt og regionalt og å gje dei kunnskap om - og lyst til å ta
fatt på opgåvene og ansvaret dei er tiltenkt. At seminaret var lagt i
tilknytning til Vestnorsk Villmarksmesse med høve til messebesøk innimellom,
var og med på å skape den rette stemninga og motivasjonen mellom deltakarane.
-mheim-
|