Ungdomstur
m.teltovernatting 2002

Samling rundt bålet med grilling og hyggje. Bålet er viktig på slike turar.
Hyen jfl inviterte ungdomar til telttur på Hopsstøylen i
tida 31.05. - 02.06. 2002, og 13 unge vart med. Dei fekk med seg tre vaksne til
å rettleie og "halde styr" på seg, og fekk mange minnerike
naturopplevingar. Av aktivitetar kan nemnast: Garnsetjing i Skilbreivatnet,
Fisking med stang, hesteskokasting, skyting, rotur til Straumsbotnen, telting
m.m.

Ein skikkeleg morgondukkert i iskald elv er til å vakne på.

Skyting er alltid ein populær aktivitet. Og bålet brenn, sjølvsagt.

Deltakarane fekk vere med og flytte revebås i Hopsdalen.

Rotur på Skilbreivatnet til Straumsbotnen stod og på programmet, og fiskelukka
vart prøvd der og.
Alle foto: Torger Eimhjellen
|