Jakt og fiskelaget søkjer samarbeid med grunneigarlag:

Vestre Hyen grunneigarlag

v/leiar Jostein Arne Røyrvik

6829 HYEN.

Hyen jakt og fiskelag 150702

v/leiar Torger Eimhjellen

6800 FØRDE.

Båtfiske med sesongkort i Storefjorden

Hyen jakt og fiskelag har idag eit medlemstal som har runda godt og vel 60 medlemmar. Dette er vi stolte av , tross "lita" bygd. Men for å holde på medlemmane våre, prøver vi bla. å arbeide fram medlemsfordelar av ulikt slag. Dette i tillegg til aktivitetane vi held gjennom eit år.

I den forbindelse vart det på vårt siste medlemsmøte (110702) vedtatt å søkje etter båtfiske for våre medlemmar i Storefjorden.

Vi spør Vestre Hyen grunneigarlag om følgjande:

  • Hyen jakt og fiskelag skaffar ein båt m/ein liten påhengsmotor
  • Hyen jakt og fiskelag kjøper "rikeleg" med sesongkort som held til alle som fiskar frå båten
  • Minst ein av dei som låner båten lyt vere medlem i laget vårt
  • Vi ordnar med ein kontaktperson frå laget vårt

Ved ei slik ordning kan vi tilby "gratis" fiske til våre medlemmar, og tilgang til båt om ynskjeleg.

Gratis vert det naturlegvis ikkje for Hyen jakt og fiskelag, vi ynskjer å kjøpe sesongkort "slik at det monnar," og grunneigarlaget vert tilfreds.

Jakt og fiskelaget har eit forslag om f.eks 5 sesongkort på båten, men dette etter ynskje frå grunneigarlaget.

Hyen jakt og fiskelag ynskjer rask tilbakemelding, for då kunne medlemstilbudet tredt i kraft alt frå denne sommaren. Kanskje det er mogeleg at Vestre Hyen grunneigarlag fattar eit styremøte-vedtak fram til årsmøtet?

Vi vonar på positiv tilbakemelding frå Dykk

Kopi til styremedlemmane i Hyen jfl

Med venleg helsing

Hyen jakt og fiskelag


Jakt og fiskelaget søkjer samarbeid med sportsbutikk:

Olav K Henden A/S

v/Olin Henden

6823 SANDANE.

 

  Hyen jakt og fiskelag 150702

v/leiar Torger Eimhjellen

6800 FØRDE.

Medlemsfordel (ar) til Hyen jakt og fiskelag

Hyen jakt og fiskelag har runda 60 medlemmar, og det er vi stolte av, tross "lita" bygd.

For at det skal vere attraktivt å vere medlem, jobbar vi stadig med å skaffe fordelar som våre medlemmar kan ha glede og nytte ut av.

I den forbindelse ynskjer vi å "lodde" stemninga ved Dykkar bedrift om De har noko å tilby Hyen jakt og fiskelag`s medlemmar.

  • Det kan vere prosentar "so det monnar" på ymse friluftsartiklar, skot, våpen, idrett, m.m.
  • Dette etter slik det passar Dykk.

Til orientering so har Hyen jakt og fiskelag fått eit skrifteleg tilbod frå liknande hold i Førde. Dette har vi ikkje tatt stilling til. Vi ynskjer tilbakemelding frå Dykk fyrst.

Kanskje det går å inngå avtaler frå begge hold i og med at det er medlemmar frå Hyen jfl frå begge kantar? Korleis stiller Olav K Henden seg til dette?

So gjenstår det å ynskje velkomen til Olav K Henden og Co til Friluftshelgja!!

(kanskje medlemsfordel(ar) er i boks alt då????)

Kopi til styremedlemmane i Hyen jfl

Med venleg helsing

Hyen jakt og fiskelag