INFORMASJON FRÅ SKIGRUPPA I HIL 2005

Skigruppa i Hyen Idrettslag ønskjer med dette rundskrivet å informere om planar ein har for aktiviteten utover vinteren 2004. Vi håpar dette er informasjon som kan vere til nytte både for dei som deltek i konkurransar og dei som ønskjer å trimme.

1. Fellestrening i lysløypa på Fullskjegga kvar tysdag kl. 20.00. Leiarar: Erik Ommedal / Kurt Djupvik (Morten/Roger). Det vil ved enkelte høve bli gjeve ski-instruksjon. Alle kan vere med.

2. Lysløypa på Fullskjegga blir preparert for både klassisk- og fri-teknikk i heile vinter. På kvardagane kan vi ikkje lova nykøyrde spor før på kveldstid, medan ein i helgane prøver å ha løypa klar frå middagstid.

3. Alle som vil vere med på krinsrenn eller andre større renn, må melde frå om dette til KurtDjupvik, tlf. 57 86 98 57 / 977 52 421, innan kl. 20.00. siste torsdag før rennet. Du kan også melde deg på renn via Internett: http://www.skiforbundet.no/sfsk . For sein påmelding må ein ordne sjølve og ta evt. kostnad med straffekontingent.

4. Alle i pkt. 3 skal, frå den dato dei fyller 13 år fram til dei fyller 70, ha betalt startlisens for sesongen 2004/2005 for å få starte. Dei som har betalt startlisens tidlegare år, skal normalt få tilsendt nye lisenskort i posten. Dei som ikkje har betalt tidlegare, eller manglar innbetalingskort, kan få dette ved å ta kontakt med Kurt Djupvik. Kvittering for innbetalt lisens bør takast med på krinsrenn. Dersom ein berre deltek i nokre få renn, kan det i staden løne seg å betale eingongslisens på kr. 40,- pr. renn. Denne kan betalast renndagen.

5. Det skal også i år arrangerast karusellrenn. Karusellrenna er uhøgtidelege renn for alle klassar og alle prestasjonsnivå. Det vert sett opp fire renn inklusive lagsmeisterskap kort løype. Renna blir premiert ut frå deltaking på tre renn. Det vil bli gjeve instruksjon og gode råd for smørjing av ski. Påmelding 30 min før start.

Rennoppsett: (Det vert høve til å ta skimerke i samband med karusellrenna)

Onsdag 19. januar : Fullskjegga, klassisk, start kl. 20.00 (Idr. sk. kl. 18.00)

Onsdag 09. februar: Fullskjegga, friteknikk (spor for klassisk), start kl. 20.00 (Idr. sk. kl. 18.00)

Onsdag 02. mars: Gjengedal, klassisk, start kl. 20.00 (Idr. sk. kl. 18.00)

6. OVERSIKT OVER ANDRE RENN SOM HIL SKIPAR TIL VINTEREN 2005.

Søndag 20. februar: «Hyesprinten» Krinsrenn, klassisk.
Krinsrenn alle klassar på Fullskjegga, 2-10 km klassisk, 9 år og yngre 1 km. Start kl 13.00.
Påmelding til Kurt Djupvik tlf. 57 86 98 5 7 / 977 52 421 innan torsdag 17. febr. kl. 22.00.

Søndag 06. mars: Skisportens dag. Saman med Trimgruppa og Idrettsskulen vil vi lage eit aktivitetsopplegg på Å-støylen eller Fullskjegga, Høgdene. Nærare kunngjering seinare.

Onsdag 09. mars: Lagsmeisterskap kort løype. Lysløyperenn på Fullskjegga. Alle klassar. Friteknikk. Start kl. 20.00 (Idr.sk. kl. 18.00). Påmelding i klubbhuset seinast ein halv time før.

Laurdag 09. april: Lagsmeisterskap lang løype i Gjengedalsmarka. Alle klassar. Klassisk stil. Start kl. 14.30. Påmelding seinast kl. 14.00.

Vi oppmodar alle om flittig å bruke dei oppkøyrde løypene på Høgdene og i Gjengedalsmarka.