Birkebeinarane frå Hyen Idrettslag 2003

er klare for årets høgdepunkt for skifrelste, nemleg Birkebeinarrennet som går 22. mars.

Her er dei fleste samla til karusellrenn i lysløypa på Fullskjegga 12. mars. Sprintstafett denne gongen.
Frå v.: Magnar Heimset, Eilev Otto Rønnekleiv, Erik Ommedal, Jan Harald Pedersen, Matias Hope, Vidar Rygg, Anton Aa, Martin J. Ommedal, Erik Hope, Oddvin Kleppenes, Kåre Solhaug og Erling Gjengedal. 
Brita Hope, Martin Mettenes, Tor Øyvin Aa og Harald Ommedal  var ikkje til stades på mønstringa.

Det held på å bli tradisjon at Hyen Idrettslag er sterkt representert i Birkebeinerrennet. I år 2000 melde laget på ei handfull løparar, året etter dobla talet seg, og i fjor var dusinet fullt og vel så det.
Også i år noterer vi ein fin auke med 16 påmelde, herav faktisk ei kvinne. Brita Hope, som bur og arbeider på Lillehammer, har meldt seg på. Vi hadde som mål minst to HILbirkebeinarar på spinnesida i år, men det kjem, det kjem.

Førebuinga til rennet har gått rimeleg bra for dei fleste med gode snøtilhøve på Fullskjegga sidan jul. Sjølvsagt kunne ein ønskt seg litt lenger sesong, særleg for dei som ikkje er så ihuga til å trene på berrmark. Vi tilrår gjerne minst 50 mil på ski som høveleg førebuing, men det er det nok dei ferraste som oppnår på berre to og ein halv månad.

Fredag 21. mars kl. 0900 går minibussen frå Firda Billag med Jan Harald som stødig sjåfør frå Hyen med kurs for Lillehammer. Då gjeld det at alle HILbirkebeinarane har greidd å styre unna influensa, mageinfeksjonar og annan styggedom slik at gjengen vert fulltallig og klar for den store styrkeprøva.

- mheim -