Avduking
av heksemonument på rettarstaden i Anda 09.06.02
Søndag 09.06. vart det halde temagudteneste om heksebrenning
med innlagt avduking av det etter kvart så vidgjetne heksemonumentet av
kunstnaren Stig Eikaas på den gamle rettarstaden i Anda.
Godt over 100 menneske var møtt fram i det utruleg varme og fine veret. Dei
fekk med seg ei uforgløymeleg fin tilstelling med m.a. tankevekkande og fin
preike av soknepresten Olaf Sigurd Gundersen og eit spennande og interessant
foredrag av filosof Nina Karin Monsen.

Soknepresten i Gloppen heldt preika ved gudstenesta, og filosof Nina Karin Monsen heldt foredrag.
Begge talarane drog interessante paralellar mellom
hekseprosessane på og rundt 1600-talet og notidas mobbing, isolasjon og
utfrysing. Monsen tok eit flengande oppgjer med fundamentalistisk religiøse
sine forfølgingar, og særleg muslimane si nådelause jakt på dei
"vantru".
Frå 1560 - 1710 veit vi om 65 menneske i Sogn og
Fjordane, flest kvinner, som vart dømde til døden for trolldom. Frå gloppen
var det relativt mange. I 1663-64 var det ein tragisk kjedeprosess som enda med
at sju menneske vart brende på bålet. På monumentet er desse sju symboliserte
med sju flammar i Larvikitt rundt ei høgreist heks i Iddefjord-granitt.

Varaordførar Kirsten Marit Rygg og filosof Nina Karin Monsen stod for sjølve
avdukinga.
Og statuen er gjenstand for ulike meiningar. Ikkje så mykje
som kunstnarleg uttrykk, men som ide og investeringsobjekt. Det er freistande å
seie at den moderne heksejakta er i full gong, og både primus motor i
prosjektet, Olaf Sigurd Gundersen og politikarkollegaane hans får på pelsen.
"Dette har dei råd til" er den lettvinte og smålege kommentaren ein
gjerne høyrer frå folk som ikkje vil, eller kanskje ikkje torer å ta innover
seg symbolikken i monumentet for hekseprosessane også i vår tid.

Kunstnaren Stig Eikaas flankert av avdukarane. Han fekk låne alteret og
hogg til ei heks av skifer.
Eikaas er ein utruleg energisk og fargerik fyr med ein
imponerande "guts" til å marknadsføre seg. Det er tydeleg at han
ikkje har tenkt å vente lenge på å bli "anerkjent" som kunstnar.
Som alle andre i ein tidleg fase av karrieren, er han omstridd, jfr. debatten om
Gjest Baardsen statuen i Sogndal. Heksemonumentet er nok eit stort steg
framover.
Han proklamerte at han vil ta initiativ til å få opna eit heksemuseum på
Sandane.

Og utsikta frå monumentet er upåklageleg. Tekst og
foto: Magnar Heimset
|