GRUNNSKULEVEKA  2002

Tema for veka var som så ofte før, samarbeid heim - skule. Vi tok for oss temaet Gamle ferdselsvegar i Hyen. Alle elevane var med opp til Brekka i Hopsdalen, vart delt inn i grupper og fekk tildelt arbeidsområder i terrenget. Så sette vi i gong med sager, knivar, sakser og anna. Busker, kvistar og tre måtte gje tapt for ivrige, hardt arbeidande elevar frå 1. til 10. klasse; gamlevegen skulle fram i lyset att.

Arbeidsveret var bra når ein skriv november, eit par kuldegrader, opplett og berrmark. Men utan mat og drikke kan ein ikkje arbeide. Så bål blei gjort opp og nistepakken henta fram etter ei god arbeidsøkt. Mat og anna grilla vi over bålet og varmt drikke kom fram til plassen.


Bålet varmar.                                                        Eplegrilling mellom anna.

Alle kom heile heimatt !

ALARM !

Tysdag skulle vi arbeide på skulen, men vart forstyrra av at rektor Anders sette i gong brannalarmen. Då måtte alle, elevar som lærarar ut av bygget og ned på oppsamlingsplassen framfor Gymbygget. Dette hadde elevane venta på lenge og masa om. Men på skulen har vi innført at utesko skal vere att utanfor klasserommet. Så kva gjer ein når skorne manglar? Full fart gjennom vindauget, uansett fottøy! Godt det var bra ver i dag.

Bedriftsbesøk i nærmiljøet.

Torsdag var heile skulen på besøk på kraftstasjonane i Hyen, Sagefossen og Skogheim. Der vart vi godt mottekne, med omvisning, videovising, brus og kjeks. Kan ein ha det betre på ein skuledag?

Skulen får besøk.

Siste dag av grunnskuleveka kom fem vaksne karar frå bygda på besøk. Dei hadde opplevd korleis vegnettet i Hyen hadde vorte bygt ut opp gjennom åra. Og dei fortalde frå vegane i gamle dagar og minner kring dei. Det vart ein flott avrunding av veka som tok til med arbeid på gamle vegar og som avslutta med historiar om dei. Prosjektet "Rydding av gamle ferdselsvegar" er ikkje avslutta. Vi på skulen vil arbeide vidare med prosjektet til våren.