|
Grunnskuleveka
2000

Veke 45 hadde Hyen Skule grunnskuleveke. Temaet i år var :
"Frå jord til bord."
Vi arbeidde med gamle lokale mattradisjonar,
med råstoff henta frå gard og natur i Hyen
med hjelp av foreldre og bondelag.
Separering av mjølk
Vi på Hyen Skule var borte på Aa, for å sjå korleis separering av mjølk
gjekk føre seg i gamle dagar. Edit og Magnhild Aa viste og fortalde korleis ein
separator var oppbygd,og korleis fløyta blir skild frå skummamjølka. Dei
viste fram ein ambar, som dei brukte å samle rømme i. Dei hadde også ein ask,
i den var det vanleg å ha rømaske. Den var også laga av tre. Nokre av dei
eldste elevane fekk prøve å separere, medan dei minste stod og såg på.
Maling av korn
 Vi var borte på kvernhusa på Aa. Der var 4 kvernhus. Olav Aa
viste oss
korleis vi mol korn. Først opna han for renna slik at vatnet fossa nedover
kvernkallen. Inne i kvernhuset såg vi ein kvernstein som gjekk rundt og knuste
kornet som låg under den. Fram frå kantane kom det ferdig malte mjølet. Dette
mjølet vart brukt seinare i grunnskuleveka. Oppvisninga varte ikkje så lenge for det var lite vatn.
Mykje spanande å sjå på Rønnekleiv
På Rønnekleiv såg vi mykje spennande. Først fekk vi sjå eldhuset.
Det vart eit gammalt hus som dei hadde bygd om til røykeri. Der hadde dei
pølser, "sauehove," julesider og spekeflesk. Til brensel brukte dei
bjørkeved og blad av blodbøk. For at det skal bli perfekt må ein sjekke
varmen kvart 15.minutt.
Nystova er eit tilbygg som er 150 år og som vart sett inn på det gamle
huset fordi ein kar skulle gifte seg og trengde større hus. Snekkaren som lagde
huset hadde fått 4 veker på arbeidet og måtte ha ein dram kvar morgon klokka
5, elles ville han ikkje greie å ha huset ferdig til bryllaupet. Vi vart
fortalt gamle bygdetradisjonar og fekk sjå gamle klede som dei brukte før. No
bruker dei Nystova til familiehøgtider.
Etter vi var ferdige i nystova gjekk vi
ned i hønsehuset. Men ikkje alle våga seg inn for lukta var ikkje den beste,
men dei aller fleste tok no turen inn. Der vart vi fortalt at vi måtte gå
veldig roleg slik at vi ikkje skulle skremme hønene. Dei hadde 4250 høner, og
då fekk dei om lag 4000 egg kvar dag. Og for å plukke alle desse egga hadde
dei ein automatisk eggeplukkar som gjor at egga kom på samleband. Kvar elev
fekk plukke eit egg som vi seinare på dagen brukte i forskjellige eggerettar
på skulen.
Potetkakebaking
Ingrediensar : 30 Poteter og kveitemjøl.
Potetene vart først kokt, skrella og malt i ei kvern. Så tok ein litt potet opp i ein bolle og dryssa litt og litt mjøl oppi, og
kneip det i hop. Deigen vart laga i hop til ei fast og fin pølse, og så braut ein av ein
liten del, og kjevla den ut slik at den vart tynn og flat. Så vart dei steikte på takke på kvar si side slik at det kom lysebrune
flekkar på. Då esa dei opp fordi det kom luft inni, men den for ut når dei
vart lagt på rist. Av dette fekk vi 30 potetkaker som vi hadde blant anna sirup,
sukker , rømme og ost på. Og når alle potetkakene var etne opp, høyrde også
oppvasken med !
Havregraut
Tysdagen grunnskuleveka fekk nokre av elevane i oppgåve å lage havregraut.
Det var Magni og Edit som leia grautlaginga. Fyrst tok vi havremjølet som vi
hadde henta i kvernhusa til Olav Aa, opp i ein bolle og blanda opp i heilmjølk.
Deretter blanda vi det i hop til ein tjukk røre utan klumpar. Så kokte vi opp
mjølk, hadde røra opp i og rørte heile tida. Vi hadde opp i ei lita skei med
salt og nokre skeier med sukker. Det smakte litt annleis enn vanleg graut, men
med rikeleg med sukker, kanel og smørauge på, virka det som det fall i smak
med dei fleste.
Fjøsbesøk og dravlekoking
Ein del av skulen reiste på Straume for å sjå på mjølking av kyr. Marit
var den som mjølka kyra. Først vaska ho juret, deretter tok ho ei
mjølkeprøve og til slutt sette ho på organet. Etter at kyra var ferdig, var
det nokre elevar som fekk prøve å mjølke for hand. Mjølka vart teken inn på
mjølkerommet og der helte Torill i osteløype, slik at mjølka skulle stivne.
Vi skulle nemleg lage dravle av den mjølka vi fekk. Då mjølka var stivna skar
ho den opp i terningar, deretter kokte ho det i 10-12 timar. På fredag fekk vi
smake dravlen og den var absolutt godkjent.
Fiskebrød og flatbrødbaking
På torsdag var nokre elevar på kjøkenet og laga fiskebrød og flatbrød.
Bergit Holme, Målfrid Hope, Karen Røyrvik var der og hjalp oss. Først kokte
vi potetene, deretter skrelte vi dei. Vi malte potetene i ei kvern og blanda i
mjøl. Så kjevla vi ut deigen til ein tynn, rund leiv.
Tilslutt steikte vi dei på ei takke. På slutten av dagen samla alle elevane og lærarane seg nede i gymsalen for
å smake på litt av det vi hadde laga. Blant anna havregraut, rømask,
potetkake og flatbrød. Alt smakte veldig godt!
Fiske
Onsdag sette 14 av oss kursen mot sjøen i von om å få noko som kunne fylle
fiskebrøda våre. Med hjelp av Audun, Jørgen M. og Terje sette vi fire garn
utanfor Holme. Nokre av oss egna ei 80 krokars line og plasserte ho strategisk
til utanfor Osmundnes.
Vi var alle spente og optimistiske då vi torsdag skulle trekke dei. Men
fangsten vart ikkje heilt som forventa. I garna fekk vi mange flyndrer, nokre
småtorskar, hyser, krabber og ein marulk .I eit av garna fekk vi ein stor
pigghå .Line gruppa vart ikkje mindre overraska . Fangsten deira var heile 20
pigghåar. Den største var rundt 8 kilo. Heldigvis fekk vi nokre torskar på
stang, slik at vi fekk nok til fiskebrøda.
Pølselaging i grunnskuleveka
For å kunne lage pølsene, fekk vi ein hjortebog frå Hope Jaktlag. Vi tok
vekk sener og fett. Så tok vi griseflesk og skar vekk all svoren. Etter det mol
vi det heile opp. Vi blanda hjortekjøtet og griseflesket med kjøpt kjøtdeig
og høveleg med salt. Mens nokon blanda deiga, gjorde nokon andre tarmane
klare til å tre inn på fjølingstuten. Så fjøla vi pølsene. Det vil seie at
vi tok kjøtet inn i tarmane ved hjelp av kverna sin fjølingstut. Når vi var ferdig, hadde vi laga 16 vellykka pølser, som vi
røykte og dampa
dagen etterpå.
Fellessamling
 Fredagen i grunnskuleveka samla alle på skulen seg i gymsalen. Dei som hadde
hjelpt til i løpet av veka, var og inviterte, så vi var nesten 90 personar.
Nokre av elevane hadde sett fram bord og stolar og dekka på. Så fekk alle
smake på fiskekling og heimelaga pølser. Til dessert var det rømmegraut,
dravle, spannost og karamellpudding. Når alle hadde ete opp, vart det vist
bilde på storskjerm frå grunnskuleveka. Etterpå hjelpte nokre av elevane til
med å vaske opp.
Attende til Hyen Skule
>>>
|