|

i Hyen 19. - 23. juli 2006
Friluftshelga 2006 går over i soga som ei av dei
mest vellukka nokon gong. Vêret var heilt perfekt med sol og sommarvarme på
alle dei fem dagane med arrangement. Vi reknar med at mellom 1200 og 1500
menneske var innom dei ulike tilstellingane. Det er neppe rekord talmessig, men
publikum storkosa seg og var fulle av lovord om dei ulike tilboda. Særleg var
friluftsgudstenesta på Hopsstøylen ein suksess.
Ibsenkåseri i kyrkja
Vi kjem attende med meir stoff frå Friluftshelga etter kvart.

Endeleg har dei nær 60 turdeltakarane nådd toppen av den
1122 m høge Smølmedalsegga etter fire timars gange.
Tur til Smølmedalsegga
Nær 60 personar i alle aldrar mellom 8 og 74 år var med på den åtte
timar lange fjellturen frå Eimhjellen til Smølmedalsegga og Gamlestøylen
torsdagen. Det er ein relativt tung tur med nær 1000 m stigning opp frå
Eimhjellen. Men i det flotte vêret og med stor begeistring mellom deltakarane
for val av turmål, vart turen ei stor oppleving for mange.

Det var stor aktivitet framfor Hyen-målvakt Roger K. Nordal
gjennom store delar av lokaloppgjeret Hyen / STIL.
Fotballkamp
Det tradisjonelle lokaloppgjeret i fotball mellom Hyen og STIL på
idrettsplassen i Hyen sentrum fredag ettermiddag vart underhaldande, men ikkje
nett nokon spennande kamp. Dertil kom nivåskilnaden mellom 6. og 3. divisjon
for tydeleg fram. Hyarane kjempa drabeleg og heldt nullen gjennom heile første
omgang. Men i andreomgangen rakna det, og STIL putta på jamt og trutt.
Sluttresultatet vart 0-3, og fortent siger til STIL-gutane.

P.A. United kjempa seg attende til sandvolleyballtrona etter
at dei i fjor vart detronisert av Sollaget.
Sandvoleyball
Sandvolleyballturneringa på bana i Vikja vart som vanleg både
underhaldande og spennande. Gjengen til Jon Egil Gjengedal, P.A. United, har herja vilt og
nådelaust, og har vore utilnærmelege i alle turneringane til no, bortsett frå
i fjor då dei vart detronisert av Sollaget. Men denne
gongen let dei seg ikkje vippe av pinnen, og kjempa seg målbevisst gjennom
heile turneringa, og dei er no attende på sandvolleyballtrona i Hyen.
Friluftshelgavisa 2006 er lagt ut som
pdf-filer under linkane nedanfor. Vi gjer merksam på at side 1, 4, 5, og 8 er
tunge å laste ned. Du må dessutan ha programmet Adobe Reader, eller
tilsvarande, installert på maskina di for å kunne lese filene. Det kan du laste ned gratis ved å klikke på Adobe-logoen
under.
S.1 4MB
S.2 velkomen, program 329kB S.3
tekstside 1MB S.4 friluftsleiren m.m. 2MB
S.5 I Sentrum 3MB
S.6 annonsar 416kB S.7
annonsar 284kB S.8 turar,sport,dans 2MB
Friluftshelga i 2005>
2004 >
2003 > 2002 > 2001 >
2000 >
|