i Hyen 20. - 24. juli 2005

Kyrkjekonsert  I Sentrum  Triatlon  Flakedans  Friluftsleiren  Villmarksleiren  Kunst

Kunstutstilling

Stig Eikaas avduka skulptur

Fredag 22. juli 2005 kl. 13.00 avduka Stig Eikaas sin 10. skulptur av kjende kunstnarar i Sogn og Fjordane i parken utanfor Astruphytta i Hyen sentrum. Det er eit relieff av den vidgjetne kunstnaren frå Jølster, Nikolai Astrup, hogge ut i raud granitt frå Vonga i Sverige.

Frå før står der skulpturar/relieff av Nikolai Astrup d.y., Bernt Tunold, Harald Seim, Petter Eide, Oddvar Torsheim, Ludvik Eikaas, Gunnar S. Gundersen, Knut Rumohr og Kjartan Slettemark.

Eit førtital stort publikum hadde møtt fram for å vere med på avdukinga, og kunstverket fekk god mottaking som eitt av dei beste Eikaas har laga.


Stig Eikaas avduka sjølv relieffet av Nikolai Astrup framfor eit 40-tal tilskodarar. Det er umiskjenneleg inspirert av Astrup sitt eige "Eit stort sjølvportrett".

"Well Done" i Galleri Astrup

Etter avdukinga i Skulpturparken, opna han utstillinga si "Well Done" i Galleri Astrup inne i Astruphytta.

Utstillinga markerer tiårsjubileet for Eikaas sin kunstnarlege aktivitet i Hyen, og er eit oppgjer med  det han ironisk kallar makteliten innan kunst og kultur i Sogn og Fjordane. Hann hadde m.a. laga ein kolasj av avisutklipp som viser eit resymé av kunstdebatten desse ti åra (biletet t.v.).

I Tovikja på Å hadde han og laga ei terrengutstilling av 10 tosetars grøne plastsofaar på eit jorde. Den utstillinga kalla han "Emptyness".


Jorunn Eikaas med separaturstilling

    
Jorunn Eikaas ved vindauga i atelieret sitt i Hyen der ho hentar inspirasjon frå den kraftfulle naturen.

Fredag 22. juli 2005 kl. 14.00 opna Jorunn Eikaas separatutstilling i Husgalleriet Casa Blanca (Osteriet) i Hyen. Ho har fleire separatutstillingar bak seg, m.a. i Førde, og ho tykkjer det er ei ære å kunne stille ut i Hyen.

- Hyen er ei utruleg vakker bygd med bratte, frodige lier og fjell, fjord, vatn og grønt kulturlandskap. Naturen er dramatisk og tenner meg. All grønfargen og gråtonane, det skiftande og kraftfulle veret. Eg blir veldig inspirert til å måle her, og det har målarar vorte før. Til dømes vart Bernt Tunold fascinert av naturen og dei spennande menneska her, seier Eikaas entusiastisk til Hyen på Nett.

- Eg har vore i syden, men der står sola rett over hovudet, lyset vert flatt og gjev ingen dynamikk i landskapet. Her er det skuggar og liv som gjev maleriske effektar. Og alt dette ser eg frå atelieret mitt her ved kaia med utsikt til fjorden , kulturlandskapet og fjella.

- Målar du på heiltid no, eller kombinerer du kunsten med arbeidet som lektor i den vidaregåande skulen?

- No er det kunst for alle pengane, det vil seie, det blir kanskje ikkje så mykje pengar av det førebels, men nok til at eg kan ofre meg for kunsten på heiltid. Eg har eit stort atelier i Gamle Madserud allé 5 ved Frognerparken i Oslo, men eg likar best å måle her i Hyen.

- Kva kallar du den kunsten du lagar?

- Eg målar litt portrett og menneskeskildring. Figurativ kunst med litt abstrakt materialisme, mest oljemåling og litt akryl. Dessutan likar eg svært godt å teikne, og eg syslar litt med tresnitt, avsluttar den blide og omgjengelege biletkunstnaren, Jorunn Eikaas.


Friluftshelgavisa 2005 vart trykt og lagt som innstikk i Firda Tidend fredag 08. juli. Vi har lagt dei åtte sidene ut som pdf-filer under linkane nedanfor. Vi gjer merksam på at side 1, 4, 5, og 8 er tunge å laste ned (over 1 MB kvar). Du må dessutan ha programmet Adobe Reader innstallert på maskina di. Det kan du laste ned gratis ved å klikke på Adobe-logoen under.

Førstesida Velkomen til Hyen  s 2 Aktivitetsplan  s 3 Mellom ulvar  s 4 Friluftsleiren

s 5 Aktivitetar i Sentrum  s 6 Annonser  s 7 Annonser  Sistesida sport-tur-flakedans

Friluftshelga i 2004 >     2003 >     2002 >    2001 >     2000 >