|

i Hyen 20. - 24. juli 2005
Kyrkjekonsert
I Sentrum Triatlon
Flakedans Friluftsleiren
Villmarksleiren Kunst
Villmarksleiren i Byrkjeneset

Ola Jan Birkeland (med blå caps) i Hyen Natur og Friluft orienterer om
Villmarksleiren i Byrkjeneset.
|
Hyen Natur og Friluft sin velutstyrte
villmarksleir i Byrkjeneset inst ved Storevatnet var flittig besøkt i
helga. Særleg var det mange som nytta høvet tl å vere med på
idrettslaget sin lette tur frå Gjengedalsstøylen til Byrkjeneset søndag
ettermiddag.
Det noko spesielle fossegjølet ovanfor leiren i
Byrkjeneset er vel verd eit besøk. Det er vilt og vakkert i eit elles
gjestmildt terreng.
|
 |
 |
Omlag 60 menneske var innom leiren, og
mange av dei gjekk den merka turen vidare oppom tuftene etter busetnaden
på 1600- og 1700-talet. Nokre var opp og kikka på det spesielle
gjølet og fossen ovanfor leiren.
Like ved gjølet står desse eldgamle furutrea.
Gadden t.v. har merkje etter øks, og stod her truleg på
Byrkjenesmannen si tid for snart 300 år sidan.
|

Villmarksleiren er utstyrt slik at folk kan matstelle seg.
Denne gongen fekk dei kjøpe ferdig mat, kaffi og brus.

For dei som ynskte det, vart det ordna med båtskyss til og-
eller frå leiren for
ein rimeleg penge.
Friluftshelgavisa 2005 vart trykt og lagt som
innstikk i Firda Tidend fredag 08. juli. Vi har lagt dei åtte sidene ut som
pdf-filer under linkane nedanfor. Vi gjer merksam på at side 1, 4, 5, og 8 er
tunge å laste ned (over 1 MB kvar). Du må dessutan ha programmet Adobe Reader
innstallert på maskina di. Det kan du laste ned gratis ved å klikke på Adobe-logoen
under.
Førstesida Velkomen til Hyen
s 2 Aktivitetsplan s 3 Mellom
ulvar s 4 Friluftsleiren
s 5 Aktivitetar i Sentrum
s 6 Annonser s 7 Annonser
Sistesida sport-tur-flakedans
Friluftshelga i 2004 >
2003 > 2002 > 2001 >
2000 >
|