i Hyen 20. - 24. juli 2005

Kyrkjekonsert  I Sentrum  Triatlon  Flakedans  Friluftsleiren  Villmarksleiren  Kunst

Aktivitetar i Sentrum


Det myldra godt i Hyen sentrum då Spelemannslaget opna programmet på Kyrkjegranden laurdag føremiddag.


Turid Eide stilte ut dukker som ho har laga sjølv og heldt kurs i måling av nissehovud og korleis ein kan lage resten av nissen.

Salsutstillingane i Columbus er nok rosina i pølsa for mange. Der er det utruleg mykje dyktig utført handarbeid og heimeindustri å sjå og velje i til svært rimelege prisar. Mange kjøper nok ein stor del av julegåvene sine her. Vi vågar å påstå at det finst ikkje maken til variert og innhaldsrik kvalitetsutstilling av dette slaget og på dette prisnivået nokon stad. Motbevis gjerne påstanden, om du kan.


Ved Columbus er det utekafé der folk kan kjøpe seg middag, kaffi, svele og kaker. Og folk møter kjende og pratar og kosar seg i nydeleg sommarvér.


Friluftshelgavisa 2005 vart trykt og lagt som innstikk i Firda Tidend fredag 08. juli. Vi har lagt dei åtte sidene ut som pdf-filer under linkane nedanfor. Vi gjer merksam på at side 1, 4, 5, og 8 er tunge å laste ned (over 1 MB kvar). Du må dessutan ha programmet Adobe Reader innstallert på maskina di. Det kan du laste ned gratis ved å klikke på Adobe-logoen under.

Førstesida Velkomen til Hyen  s 2 Aktivitetsplan  s 3 Mellom ulvar  s 4 Friluftsleiren

s 5 Aktivitetar i Sentrum  s 6 Annonser  s 7 Annonser  Sistesida sport-tur-flakedans

Friluftshelga i 2004 >     2003 >     2002 >    2001 >     2000 >