i Hyen 20. - 24. juli 2005

Kyrkjekonsert  I Sentrum  Triatlon  Flakedans  Friluftsleiren  Villmarksleiren  Kunst

Kyrkjekonsert

Den annonserte konserten i hyekyrkja laurdag med unge hyarar var sett fram til med spenning. Det var nemleg "hemmeleg" kven som skulle vere med og kva dei skulle framføre. Konserten vart ei rørande og stor oppleving der artistane opererte på eit høgt, nesten profesjonelt nivå som vi knapt trudde vi skulle få oppleve i hyekyrkja.
Jon Egil Gjengedal opna konserten friskt med preludium på didgeridoo, eit instument urfolket i Australia (aboriginerane) nyttar som "folkeinstrument".


Asbjørn Eikenes på piano, Erik Gjengedal, Randi Røyrvik Sandsmark og Magni Gjengedal song, og Jon Egil Gjengedal på trommer framfører "Su-du-del-i-du-del-dei".


Frå v.: Syskena Frank, Anne Turid, Alf og Merete Holme, og syskenbarnet Magnus Røyrvik (gutane utgjer tyngda av gruppa "Wolfram") framfører "Orkan" skriven av Alf og Magnus.

Helga Osmundnes på piano, Lillian Holme og Irene Aa framfører "Du omgir meg" og "Stor er din nåde" rørande vakkert.

Friluftshelgavisa 2005 vart trykt og lagt som innstikk i Firda Tidend fredag 08. juli. Vi har lagt dei åtte sidene ut som pdf-filer under linkane nedanfor. Vi gjer merksam på at side 1, 4, 5, og 8 er tunge å laste ned (over 1 MB kvar). Du må dessutan ha programmet Adobe Reader innstallert på maskina di. Det kan du laste ned gratis ved å klikke på Adobe-logoen under.

Førstesida Velkomen til Hyen  s 2 Aktivitetsplan  s 3 Mellom ulvar  s 4 Friluftsleiren

s 5 Aktivitetar i Sentrum  s 6 Annonser  s 7 Annonser  Sistesida sport-tur-flakedans

Friluftshelga i 2004 >     2003 >     2002 >    2001 >     2000 >