|

i Hyen 20. - 24. juli 2005
Det vart strålande ver og full klaff for
Friluftshelga i år. Talet 13 synte seg å vere eit lykketal sidan
publikumstilstrøyminga på den 13. Friluftshelga slo alle rekordar. Særleg
myldra det av folk i Sentrum laurdag, men også på dei andre arenaane var det
mykje folk som storkosa seg i det fine veret.
Kyrkjekonsert
I Sentrum Triatlon
Flakedans Friluftsleiren
Villmarksleiren Kunst

Omlag 40 var med på turen frå Hope til Gjegnabu torsdag. Her
ein pust i bakken eit stykke ovanfor Lavesteinen.
Tur til Gjegnabu
Det var god deltaking på den store fjellturen frå Hope om Lavesteinen til
Gjegnabu torsdag. Veret var bra med delvis sol og passeleg temperatur til ein
kom skikkeleg opp på høgfjellet. Der låg skodda tjukk som graut med sur
nordavind og skoddeyr. Turdeltakarane vart såleis snytt for den flotte utsikta
kring Gjegnabu, men var blide og fornøgde likevel.

Dei ti som låg over på Gjegnabu til fredag, fekk betre ver.
Berre øvst kring Gjegnen låg det framleis skodde.
Vidare til Gjegnen
Fjerdeparten av turdeltakarane overnatta på Gjegnabu og gjekk vidare over
Gjegnalundsbreen til Gjegnen dagen etter. Då var det mindre skodde og meir sol
nesten heilt til toppen, og dei fekk ein triveleg tur.

Her blir det mål for Hyen etter eit glimrande frispark av Roger K. Nordal
frå 25 m.
Fotballkamp
Det tradisjonelle lokaloppgjeret i fotball mellom Hyen og STIL vart ein tett og
jamn kamp. Dei føregåande åra har Sandane-laget vunne suverent, men denne gongen
vart resultatet uavgjort 2-2. Hyen-patriotar meinte til og med at heimelaget
kunne ha vunne kampen fortent. At laget var forsterka med ein midtbanespelar som lyer namnet Ole
Andre Aa (vanlegvis STIL-spelar) kan nok ha hatt ein viss effekt.

Både spelarar og publikum kosa seg i finveret under heile den
artige sandvolleyballturneringa i Vikja.
Sandvoleyball
Sandvolleyballturneringa på bana i Vikja vart som vanleg både
underhaldande og spennande. Gjengen til Jon Egil Gjengedal har herja vilt og
nådelaust, og har vore utilnermelege i alle turneringane til no. Men denne
gongen vart dei detronisert og kom ikkje til finalen. Dei "evige"
toarane, "Eggelaget", vart og knust og gjort ommelett av denne gongen.
Derimot kom "Rasmusklanen" (60-åringen Rasmus Ommedal & (sviger)søner)
til finalen og gav vinnarane, "Sollaget", kamp heilt til døra.

Desse fem karane let seg ikkje stoppe på vegen mot toppen av
volleyballtrona. Dei kalla seg "Sollaget" utan at nokon heilt
skjøna kvifor. Her jublar frå v.: Rune Ommedal, Ole Andre, Øystein og Olav
Marius Aa og Vegard Åstebøl Larssen.
Friluftshelgavisa 2005 vart trykt og lagt som
innstikk i Firda Tidend fredag 08. juli. Vi har lagt dei åtte sidene ut som
pdf-filer under linkane nedanfor. Vi gjer merksam på at side 1, 4, 5, og 8 er
tunge å laste ned (over 1 MB kvar). Du må dessutan ha programmet Adobe Reader
innstallert på maskina di. Det kan du laste ned gratis ved å klikke på Adobe-logoen
under.
Førstesida Velkomen til Hyen
s 2 Aktivitetsplan s 3 Mellom
ulvar s 4 Friluftsleiren
s 5 Aktivitetar i Sentrum
s 6 Annonser s 7 Annonser
Sistesida sport-tur-flakedans
Friluftshelga i 2004 >
2003 > 2002 > 2001 >
2000 >
|