|

i Hyen 22. - 25. juli 2004
Støylsmesse

Friluftsmessa søndagen i det veleigna og koselege
"amfiet" på Hopsstøylstunet samla som vanleg mykje folk. Mellom tre
og fire hundre deltok i gudstenesta. Når kyrkjetenaren ringde med klokka i
starten, tok det til å yre og regne. Det vart berre våtare etter kvart, men
messa vart greitt avvikla. Etterpå serverte hopsarane kjempegod rømegraut med
tilbehør, og det smaka fortreffeleg sjølv om enkelte frykta for at det kunne
bli vassgraut av det . . . Regnet la nok ein dempar særleg på kaffikosen og
på fotturen til Skilbreia og Fullskjegga etterpå.
Friluftshelga i 2003 >
2002 >
2001 >
2000 >
|