i Hyen 22. - 25. juli 2004
Triatlon


Benedikte vart best av damene. Som dei fleste andre løparane  måtte ho leie sykkelen opp brattaste kneikane.


Roger vart naturlegvis best av alle og heilt rå her og.  Han trødde opp alle bakkane så det knaka i sykkelkjedet.

Triatlonkonkurransen var ny av året, og 20 løparar fullførte løpet. Første del var symjing, om lag 150 m i Fullskjeggevatnet.  Så var det sykling frå Demma mot Røyrvik og vidare på gamlevegen over Åsen til Heimseta. På tilbaketuren følgde ein riksvegen til lysløypa på Høgdene. Distansen på sykkel er om lag
5 km. Ein avslutta så med terrengløp på 2,5 km rundt Lysløypa før målgang ved danseflaken.

Det knytte seg naturlegvis stor spenning til arrangementet både mellom løparar og dei ansvarlege. Løpet vart ein suksess, og kjem nok til å stå på programmet neste år og. Mange fekk lyst til å prøve sjølve, og publikum sette stor pris på opplegget. Nesten alle som var i Sentrum før på dagen, tok turen opp på Høgdene til konkurransen starta, og i friluftsleiren vart innrykket så stort at dei gjekk lens for grillmat.


Premievinnarane i triatlonkonkurransen, frå v.: Sissel og Malvin Ommedal, Martin Mettenes, Kjartan Aa Berge, Vegard Larsen, Geir Hjelle, Roger Aa Djupvik, Sigleif Ravnestad, Hilde og Benedikte Aa, Arnstein og Olav Ommedal og Anniken Støylen.

Resultat for TRIATLON under Friluftshelga 2004 på Høgdene i Hyen.

          Tid  Meldep. Tid  Meldep.    
Nr. Namn Lag Klasse Starttid symjing sykling sykling løp Sluttid Pl.
6 Benedikte Aa Hyen J15-18 15.30 3.24 9.26 21.03 26.50 35.10 1
                     
3 Kristin Roset GFIL K 19 15.30 3.10 8.47 21.19 26.53 35.23 1
1 Anniken Støylen Brodd K 19 15.30 3.02 9.04 22.18   37.48 2
4 Hilde Aa Hyen K 19 15.30 4.23 11.32 27.03   46.01 3
2 Sissel Ommedal Eid K 19 15.30 3.33 12.49 33.30   58.41 4
          Tid  Meldep. Tid  Meldep.    
 Nr. Namn Lag Klasse Starttid symjing sykling sykling løp Sluttid Pl.
24 Sigleif Ravnestad Brodd G15-19 15.35     18.37   30.53 1
22 Arnstein Ommedal Hyen G15-19 15.35   9.37     36.46 2
18 Olav Ommedal Eid G15-19 15.35     22.27   40.49 3
                     
15 Roger Aa Djupvik Hyen M 19 15.35 2.10 6.32 15.44 20.40 27.34 1
16 Geir Hjelle Hyen M 19 15.35   8.02 20.11   33.28 2
20 Vegard Larsen   M 19 15.35 2.23 8.28 21.32   33.37 3
14 Vidar Rygg Brodd M 19 15.35   8.18 20.06   34.16 4
11 Are Gunnar Korsvoll Bygstad M 19 15.35   7.52 21.08   35.14 5
17 Malvin Ommedal Eid M 19 15.35     23.00   38.54 6
21 Torger Eimhjellen Hyen M 19 15.35     22.40   39.43 7
23 Kjetil Haugland Bergen M 19 15.35   8.45 24.16   41.32 8
12 Åsmund Korsvoll Bygstad M 19 15.35   8.10     42.15 9
19 Kjartan Aa Berge Hyen M 19 15.35     25.18   46.12 10
13 Martin Mettenes H.nesøyra M 19 15.35   12.23 28.07   47.19 11
25 Egil Kolltveit Raudeberg M 19 15.35         47.57 12

Framhald >

Friluftshelga i 2003 >     2002 >     2001 >     2000 >